Argumenta for å byggje kraftverk på Skår hagla i alle retningar då Olje- og energidepartementet (OED) kom på synfaring til den veglause grenda i Hjørundfjorden torsdag denne veka.

– For oss handlar det rett og slett om at vi ønskjer å ta vare på denne vesle grenda vår. Kraftverket er middelet vi treng for å få det til. Dette er eit vere eller ikkje vere for Skår, forklarte Johan Skår, ein av tre grunneigarar som søkjer om konsesjon til å byggje kraftverk i Skåraelva.

NVE avslo konsesjonssøknaden med grunnlag i omsynet til fjordlandskapet i Hjørundfjorden, som er viktig for reiselivsnæringa, friluftslivsnæringa og naturvernarar. No er saka klagen til OED.

– Det meiner vi er berre tull. Fossen på Skår, det viktigaste landemerket, blir ikkje påverka av kraftverket. Inntaket blir plassert nedanfor denne. Vi er heilt usamde i at den nedre delen av elva er viktig som landskapselement. Denne er berre synleg i svært stor vassføring, forklarte Johan Skår under synfaringa.

Utslitne kaier og fjordkabel

Grunneigarane meiner ei kraftutbygging er positivt for reiseliv og friluftsliv, ikkje negativt.

– Ein av dei store kvalitetane med Hjørundfjorden, samanlikna med til dømes Geirangerfjorden, er at her bur folk på kvart eit nes og at det er liv langs fjorden. Om dette skal halde fram på Skår, er vi avhengige av ei skikkeleg kai og stabil krafttilførsel.

I dag er både kaia og ferjekaia på Skår utslitne. Det same er fjordkabelen frå Lekneset. Om det blir bygt kraftverk, ser Tussa føre seg å byggje ny kai. I tillegg skal ein ny fjordkabel frakte krafta ut til storsamfunnet.

– Dette er heilt urealistisk å få til utan kraftverk. Då blir nok konsekvensen fråflytting om nokre år og etterfølgjande attgroing og øydelegging av kulturlandskapet, seier Johan Skår.

I dag er det berre ein gard med fastbuande i grenda. Asbjørn Skår driv med sauer og syter for lys i stovevindauga på Skår.

– Eg blir vel verande nokre år til om det ikkje blir kraftverk. Men etter meg blir det nok ikkje mykje aktivitet her, seier han.

Håpet er at ei ny kai og stabil krafttilførsel skal danne grunnlag for turisme og anna aktivitet i grenda.

– Eg har eit håp, men eg er slett ikkje sikker på at vi får medhald. Vi vart frykteleg skuffa etter avslaget frå NVE, seier Johan Skår.

Berre tilhengjarar

Det var berre tilhengjarar av kraftverket som var med på synfaringa torsdag: Grunneigarane, Tussa, Ørsta kommune og styremedlem Johan Øye i Hotell Union Øye. Fylkesmannen og Naturvernforbundet har vore kritiske til prosjektet, men var ikkje til stades.

Vegard Hotvedt Strømsvåg i OED varslar at avgjerda kjem i løpet av vinteren. Under synfaringa var både han og kollega Håvard Hamnavåg gode til å halde på pokerfjeset. Dei ville ikkje seie noko om kva veg dei hallar.

– No når vi har vore her og sett, har vi eit betre grunnlag for å treffe ei god avgjerd. Avgjerda er det statsråd Tord Lien som har ansvar for. I desse sakene handlar ein god del om skjøn, og allmenne interesser som natur, reiseliv og friluftsliv er viktige kriterium.

Dei fleste klagesakene endar med at departementet støttar NVE. Likevel er det berre eit fåtal av sakene der departementet faktisk kjem på synfaring.