Det seier høgskulelektor i pedagogikk, Linda Marie Viddal ved Høgskulen i Volda.

Tysdag nytta ho dagen saman med dei tilsette i Barnas Vel barnehage på ei samling dedikert arbeidsmiljøet. Det er ikkje tilfeldig, for Barnas Vel fekk Ørsta kommune sin Arbeidsmiljøpris for 2014. Prisen inneber også ein pengesum, og pengane nytta Barnas Vel tysdag til ei samling på Sæbø.

– Vi hadde allereie fastlagd planleggingsdag i dag, men bestemte oss for å setje av ein dag der vi held fram med arbeidet med eit godt arbeidsmiljø, seier styrar Ida Brudevoll.

Imponerer

Og akkurat det imponerer Viddal.

– Vi skulle tru at når Barnas Vel vann ein slik pris, såg dei seg som ferdige med arbeidet. Men her arbeider dei berre vidare, og vil verte endå betre på arbeidsmiljø, seier Viddal.

At Barnas Vel brukar mykje tid på å skape eit godt arbeidsmiljø er ikkje tilfeldig. For nokre år sidan vart dei to store sentrumsbarnehagane, Kløverhagen og Barnas Vel, slått saman til Nye Barnas Vel barnehage. Det skapte utfordringar.

Ulike kulturar

– Vi skulle slå saman to verksemder med ulike kulturar. Difor arbeidde vi mykje i forkant med å definere kva personalkultur vi ynskte å ha. Vi definerte personalkulturen, vi definerte det pedagogiske grunnsynet, og la stor vekt på å setje ord ut i handling, fortel Brudevoll.

– Det arbeidet Barnas Vel gjorde er eit skuleeksempel på korleis det skal skapast godt arbeidsmiljø. Dei tilsette vart involvert i prosessen, og kvar enkelt tilsett vart forplikta til sjølv å vere medansvarleg for å skape eit godt arbeidsmiljø, seier Viddal.

Samtalar

Under samlinga tysdag vart det lagt vekt på samtaleprosessar.

– Den gode dialogen handlar om å førebyggje konfliktar. I ein barnehage handlar det om samtalar kollegaer i mellom, samtalar mellom tilsette og borna, og samtalar mellom tilsette og foreldra. Då handlar det om å verte møtt på ein god måte, og at vi må vere sikre på at vi vert forstått og oppfatta slik vi ynskjer å uttrykkje oss, fortel Viddal.

Ho poengterer at for å skape eit godt arbeidsmiljø, må alle kjenne seg medansvarlege på at det er kvalitet i desse samtalane.

– Vi kallar dette mentalisering. Det vil seie at vi må ha evne til å sjå oss sjølve utanfrå, og andre innanfrå, seier Viddal.

Ho samanliknar med ein fugl.

– Ein fugl oppe under taket ser alt, men vi som er nede, kan lett misse heile biletet. Difor krev det ein viss tankeprosess, seier Viddal.

Ho er altså glad for at ho fekk delta på samlinga til dei tilsette tysdag.

– Det er fint at ein barnehage slik brukar tid og pengar på å vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø. Eg har opplevd ei samling med mykje engasjement og energi, seier Viddal.

Ida Brudevoll er overtydd om at arbeidet ber frukter.

– Greier vi å auke kompetansen vår på kva som skal til, vil vi også greie å vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vi har, seier barnehagestyraren.

34 tilsette

Det er trettifire tilsette hos Barnas Vel. Mest alle var til stades på samlinga tysdag. I tillegg til ein fagleg bolk, var det også tid til sosialt samvære med song og middag. Wenche Vartdal Leite, som er tilsett hos Barnas Vel, hadde songinnslag.

<strong>Eigne krefter:</strong> Wenche Vartdal Leite er tilsett hos Barnas Vel, og underheldt saman med Vidar Johan Vartdal.
<strong>Engasjerte:</strong> Styrar Ida Brudevoll og kurshaldar Linda MArie Viddal.$RETURN$$RETURN$