– I den situasjonen som no rår med svært stort innrykk av asylsøkjarar til Noreg, bør Ørsta kommune gjere meir enn det som vert gjort. For vi kan ikkje berre sitje å sjå på. Finst det lokalitetar, og at andre ting ligg til rette, bør det vurderast å etablere asylmottak i Ørsta, meiner Paul Kristian Hovden.

– Verdssituasjonen har endra seg mykje på kort tid, og no bør også Ørsta kome på bana meir offensivt, meiner Hovden.

Varaordføraren ser føre seg at asylsøkjarar i Ørsta kan busetje seg også på bygder som Vartdal og Sæbø, og at kommunen elles bør vurdere å byggje klyngetun for asylsøkjarar. Politikarkollega Inge Kolås meiner også at kommunen no må brette opp ermane for folk i nød.

– Eg har lansert det før, og vil gjere det igjen: Vi har eit ferdig regulert bustadfelt på Liadal. Ei storstilt utbygging med tomanns- og firemannsbustader som vil gi plass til mange veldig raskt. Ei utbygging for flyktningar/asylsøkjarar i Liadal vil sikre statstilskot, og dette vil igjen gje grunnlag for ei vidare kommunal utbygging i dette området, vurderer Kolås.

Han ser føre seg heile Vartdalsstranda som område for asylsøkjarar og flyktningar då der er gode bussamband. Sjølv om Ørsta må ta meir ansvar meiner Kolås også at kommunen må stille krav til styresmaktene, og at staten dekkjer utgiftene med nyetableringane frå m.a. Syria.

– Det viktige er at vi i fellesskap finn gode løysingar, seier Inge Kolås som kjem til å ta opp saka i det nye kommunestyret.

Aukar i Volda

I Volda vert det no ein stor auke i talet på asylsøkjarar. Og der er det no i ferd med å flytte til kommunen tretti vaksne asylsøkjarar og førti einslege, mindreårige i alderen femten til atten år. Storparten av dei er gutar. Rundt 230 asylsøkjarar vil bu i Volda viss alle som har varsla ankomst kjem. Då er kapasiteten sprengd på Volda asylmottak.

– Vi har oppretta ei eiga avdeling for einslege mindreårige i det tidlegare internatbygget til Sunnmørsheimen. Dette vil gje seksten nye, heile stillingar, fortel Andre Eiksund, leiar for Volda asylmottak.

Mange har søkt på stillingane som no er i ferd med å verte bemanna. Dei unge asylsøkjarane skal ha døgnbemanna drift og eiga buløysing i regi av driftsoperatør Link AS. Sjølv om ikkje alt er roseraudt, fortel Eiksund om jamt gode røynsler for asylmottaket i Volda som har nye landsmenn buande atten stader i kommunen.

– Det er flott viss Ørsta har moglegheit til å gjere ein ekstra innsats. Dersom kommunen legg til rette for mottak av tretti-førti unge, einslege asylsøkjarar vil det generere opptil tjue heile stillingar i Ørsta kommune, stillingar finansiert av staten, minner Eiksund om.

<strong>Internat:</strong> Det tidlegare internatet til Sunnmørsheimen husar mindreårige asylsøkjarar i Volda.
<strong>Leiar:</strong> – Vi har gode røynsler med asylmottaket i Volda, seier Andre Eiksund.