Dette er også i samsvar med Politidirektoratet si tilråding. Saka er no ute til høyring.

Ålesund Arbeidarparti viser til at Møre og Romsdal Ap har støtta Kristiansund som lokaliseringsstad for politimeisteren for Møre og Romsdal.

Ålesund Ap meiner føresetnadene for dette vedtaket er endra, for ei etterkant av styrevedtaket er det bestemt at politimeisterembetet og 110-sentralen skal vere samlokalisert. Ålesund Ap finn ikkje faglege argument for å flytte 110-sentralen til Kristiansund.

Ålesund Ap fryktar at mellom åtti og nitti arbeidsplassar i Ålesund vil forsvinne med ei lokalisering til Kristiansund. Dette er stillingar både hos

politiet, AMK-sentralen og 110-sentralen (brann).

Ålesund Ap minner dessutan om at det ei stund var planar om å sentralisere 110-sentralen til Trondheim.

– Dersom ein no opnar for relokalisering til Kristiansund, kan det vere fare for at denne kampen blussar opp att, heiter det i fråsegna som også er støtta av Ørsta Ap.