– Det er eit sterkt ynske frå alle partar om å få på plass flaumsikringa av Bondalselva. Flaumførebygginga har fått store skadar, og viss elva fyrst bryt igjennom, er det uråd å vite kvar vatnet vil reise. Jamvel Sæbø sentrum kan vere truga, seier miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik i Ørsta kommune.

Flaumar

Det er ved Kvistadbrua og på Moane og Aklestad arbeidet med førebygginga skal gjerast. Der har flaumar siste åra gjort store skadar på førebygginga. Ho er delvis undergraven, og frykta er at ein ny haust- eller vårflaum vil bryte igjennom og gjere skadar på hus og eigedom. Særleg er busetnaden på Moane truga. Difor har då NVE også prioritert å kome i gang med tiltak.

Kostnaden med førebygginga er sett til 1,6 millionar kroner. Ein stor sum i naturskade er allereie bestemt skal inn i finansieringa, og då står om lag 800.000 kroner til rest. Av dette skal NVE dekkje 80 prosent, og resten skal dekkjast lokalt.

Prinsippvedtak

– Kommunestyret har då gjort eit prinsippvedtak om at slike lokale bidrag skal dekkjast gjennom regarantiar frå grunneigarar som er råka. Vi har lagt til grunn skjønet frå førebygginga i 1959. Det vil seie at vi har om lag sytti på adresselista, og desse har no fått skriv om å vere med på ein regaranti. I hovudsak handlar det om mellom tusen og to tusen kroner for dei fleste, fortel Selbervik.

Vil byrje om to veker

Skal arbeidet kome i gang i haust, hastar det for kommunen å få inn svar.

– NVE er klare til å byrje om ca. to veker. Det vil seie at formannskapet må gjere sitt garantivedtak basert på svara frå grunneigarane på møtet den 20. oktober. Då må vi i kommunen har fått svar om regaranti til midten av komande veke. Vi har fått inn svar frå mange allereie, men det byrjar å haste med svar frå resten. Dei grunneigarane som er mest involverte har vi hatt ein god dialog med heile tida undervegs, men det er klart at med så mange partar, har vi ikkje greidd å informere alle før dei fekk brev om regaranti. Vi ber om at dei no svarar raskast råd, slik at vi risikerer å ikkje kome i gang i haust. Det vil berre gjere folk utrygge, og det er ikkje bra for nokon, seier Selbervik.

<strong>Håper å kome i gang:</strong> Miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik.