Og sjølv om arkeolog Eivind Magnus Færøy Krag verken har funne mammutar eller hovudskallar, så kan funn i Rystemarka vere interessante.

I ei av dei mange sjaktene på marka nedom E39, mellom eigedomane til Gerhard Ryste og Kolbein Ryste, kan Krag ha funne spor etter busetnad frå jarn – eller bronsealderen.

– Dette er førebels svært usikkert. Men eg har funne nokre område der det kan ha vore stolpehol og ei grop med ukjent funksjon, seier Krag som også har funne eit steinopptak. Dette kan bety at der har budd folk i Rystene langt tilbake, men uvissa er førebels stor.

Utfordrande

Arkeologen gjer det klart at det er utfordrande når han ikkje umiddelbart kan sjå kva som er avdekt under jorda i samband med arkeologisk utgravingar.

Den arkeologiske undersøkinga vert gjort i samband med

reguleringsplanen for E39 Osskarelva-Osborg som er ei forlenging reguleringsplanen for strekninga E39 Osborg-Ose. Statens vegvesen er utbyggjar og det er dei som har bestilt utgravinga.

Arkeolog Øyunn Kleiva synest det er interessant å undersøke jorda i Rystene for moglege spor etter forhistorisk gardsbusetjing.

– Medan vi veit mykje om t.d. Osborg, er Rystene eit område vi veit lite om når det gjeld forhistoriske tider. Og der finst få kjende funn frå dette området, fortel Kleiva.

I morgon, fredag, er det to veker sidan arkeolog Eivind Magnus Færøy Krag byrja å grave i jorda på begge sider av europavegen i Rystene. I ei rekkje sjakter vert matjorda fjerna for å kome til undergrunnen, for det er der ein arkeolog kan byrje å få vatn i munnen viss han finn noko interessant.

– Eg ser etter ting som skil seg ut i undergrunnen. Dette vert markert, fortel arkeologen.

Ofte vert det teke profilar og kolprøver. Til slutt kjem ein rapport om gravinga.

Noko av det som er funne i området tidlegare er ei kokegrop på eigedomen til Thomas, Kjell Kjellen Bigset, Ryste. Denne problemstillinga tok nok Kjellen på strak arm og ordna opp i, kjenner vi han rett.

<strong>Graving:</strong> I samband med komande utbygging vert eit område i Rystene saumfart av ein arkeolog.