– Mange private ringer oss med spørsmål om utleige. Dette er positivt. Slik situasjonen ser ut no må vi regne med høg busetting av flyktningar i neste femårsperiode, seier leiar for flyktningkontoret i Ørsta kommune, Bård Flekke.

Krisa i Syria gjer som kjent at det er stort trykk for busetjing av asylsøkjarar i Noreg. Stortinget har vedteke at Noreg skal ta imot 8.000 syriske overføringsflyktningar i perioden 2015–2017. Samla sett er det behov for å busette i alt 50.000 flyktningar i fireårsperioden 2016–2019. Behovet i 2016 er 13.200.

93 flyktningar

Levekårsutvalet i Ørsta kommune rår kommunestyret til å vedta at Ørsta kommune tek imot opptil 93 flyktningar i åra 2017–2019 og at kommunen held oppe eit vedtak gjort tidlegare i år om å busetje 25 flyktningar i 2015 og 27 flyktningar neste år. Dette gjeld flyktningar frå fleire land. Bård Flekke meiner talet kan forsvarast.

– Men Ørsta kommune må få ei betre fordeling av flyktningar med tanke på einslege vaksne og familiar. Kommunen må også få tildelt minimum tre familiar kvart år dersom ein skal klare å nå busettingstala, meiner Flekke. Det er eit ønskje om at kommunen strekkjer seg langt med tanke på den flyktningkrisa som ein står ovanfor no.

– Med det vil bli store utfordringar for Ørsta kommune. Dette handlar m.a. om plassmangel i grunnskulen, få ledige barnehageplassar og stor utfordring og auka arbeidsmengd på helsestasjon og legane.

– Eigedomsseksjonen må også skaffe fleire bustadar til flyktningar og det må utarbeidast ein bustadplan for busettingsperioden. I tillegg kan det bli ei utfordring for Ørsta opplæringssenter og plassmangel vil tvinge seg fram. Det vil spesielt bli ei auka arbeidsmengd for flyktningkontoret og til dels NAV, vurderer Flekke.

Økonomisk er det også utfordringar for kommunen.

– Integreringstilskotet dekker ikkje gjennomsnittsutgiftene til kommunane. Og Ørsta kommune vil ikkje ta imot ekstratilskot for busetting av flyktningar i 2015. Det er uheldig at kommunar som buset fleire enn folketalet tilseier ikkje tek imot ekstratilskot, meiner Flekke.

Stor pågang

I alle år har private meldt seg til kommunen med tilbod om å leige ut husvære til flyktningar. Men no er pågangen større enn nokon gong, og mange ørstingar viser hjartevarme.