Fylkesveg 41 mellom Eidsbotn og Kalvatn i Volda blir kommunal veg frå 15. oktober 2015.

- E39 Kvivsvegen opna 22.september 2012 og går parallelt med den gamle fylkesvegen. Når samfunnet har lagt ned store ressursar i ein ny offentleg veg er det naturleg at eksisterande veg som mistar funksjonen sin blir omklassifisert, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Før overtakinga er vegen asfaltert enkelte plassar, vegkantar og grøfter er utbetra og det er reparert rekkverk, slik at vegen held kvalitetskrava i regelverket for omklassifisering av vegar. Utbetringane er gjort etter synfaringar saman med Volda kommune.

Frå 15. oktober er det difor Volda kommune som er ansvarleg for brøyting, strøing og generell drift av vegen mellom Eidsbotn og Kalvatn.

Frå Kalvatn til Viddal vil det framleis vere fylkesveg.