Statsbudsjettet vart ikkje slik rådmann Rune Sjurgard i Volda hadde håpa for Volda kommune sin del. No må kommunen truleg kutte.

- Vi får 6.2 millionar kroner mindre enn kva vi hadde rekna med, forklarar rådmann Sjurgard til Møre-Nytt.

Volda kommune får altså lågare vekst enn venta for 2016. Kommunen får eit trekk i utgiftsutjamninga på 6,2 millionar kroner. Dette gjer budsjett- og økonomiplanprosessen svært krevjande, kommenterer rådmannen.

Frie inntekter

Volda får ein vekst i frie inntekter på 15,3 millionar kroner (3,5 %). Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2016 inneber i prinsippet nullvekst ettersom auken i inntektene vert oppspist av auka utgifter til pensjon, demografi, statlege satsingsområde og stor utgiftsvekst i barnevern, sosialhjelp og ressurskrevjande tenester.

- Det som gjer situasjonen særleg krevjande er at staten gjennom inntektsystemet i den såkalla utgiftsutjamninga reduserer tilskotet til Volda kommune med 6,2 millionar samanlikna med 2015. Utgiftsutjamninga skal kompensere for at ein kommune er dyrare å drive enn gjennomsnittskommunen. I 2011 var Volda kommune 7,5 % dyrare å drive, I 2015 er vi 4,1 % dyrare og i 2016 har staten lagt til grunn at vi berre er 2,5 % dyrare å drive enn gjennomsnittskommunen. I 2011 fekk Volda kommune 26,4 millionar i utgiftsutjamning. I 2016 får vi 11,2 millionar, altså 15,1 millionar mindre enn i 2011. På tross av fjordar som deler opp kommunen med spreidd busetting mv så reknar staten Volda snart som ein gjennomsnittskommune, seier Sjurgard.

Ørsta

Han viser til Ørsta kommune.

- For til dømes Ørsta kommune har dette gått andre vegen. Ørsta kommune fekk 15,3 millionar i 2011, og i 2016 vil Ørsta kommune få 26,8 millionar i utgiftsutjamning, ein vekst på 11,4 millionar. Samanlikninga er i nominelle kroner, dvs at den samanlikna reduksjonen og auken frå 2011 til 2016 er større når ein reknar inn prisveksten, seier Sjurgard.

Han synest kuttet er leitt, for kommunen har gjort grep dei siste åra for å få balanse.

- Kommunen står overfor krevjande utfordringar med auka utgiftsbehov i dei rettigheitsbaserte tenestene i særleg barnevern og omsorg. I tillegg er det behov for investeringar innanfor skule og omsorgstenestene. Dette gjer budsjettprosessen særskilt krevjande, og voldingane må nok ein gong bu seg på å tilpasse forventingane til den økonomiske virkelegheita. Dette har særleg årsak i at Volda kommune kjem svært dårleg ut i det statlege inntektssystemet. Den demografiske utviklinga i Volda får utslag på kriterienøklane for utrekning av utgiftsutjamninga for Volda. Endring i befolkningssamansetting med vidare tilseier etter dette systemet at Volda får lågare utgiftsbehov. Utfordringa vert å ta ned tenestene og tilpasse tenestesstrukturen frå det eine driftsåret til det neste.