Stig J. Helset snakkar om talet på folk som går toppturar. Han har sjølv snart 30 års erfaring som topptur-entusiast, og merkar at han møter stadig fleire folk i fjellsidene som deler hans interesse.

– Og difor er dette ei etterspurd bok. Det har det vore lenge, kommenterer Håvard Myklebust, fjellfotografen.

Han og Helset held kvart sitt rykande ferske eksemplar av «Toppturar i Sunnmørsalpane» i hendene. Eit bestillingsoppdrag frå Fri Flyt som dei saman har brukt to år på å sy saman. Helset som forfattar, Myklebust som fotograf, og begge med ski på beina.

– Hjørundfjorden er hjartet, og så har vi tatt føre oss området rundt, med toppar både i Stordal, Tafjord, Geiranger og heilt til Nordfjordsområdet.

Å velje ut 80 toppar er ikkje gjort i ei handvending, når Sunnmørsalpane totalt tel kanskje 500.

– Nokre vil alltid sakne «sin» topp, men skulle vi ha tatt med alle ville boka ha vore på 2.000 sider, vurderer Helset.

Dei har difor fokusert på å få fram breidda. Toppturar vinterstid er noko nær sagt alle kan meistre, meiner dei.

– Vi har lagt vekt på å få med turar i alle typar vanskegrader, frå det heilt enkle, som til dømes Melshornet, via dei litt lengre turane, som Sunndalsnipa, til det meir ekstreme, som Standalhornet. Vi kjem ikkje unna at vi bur her vi bur og at vi har bratte fjell rundt oss.

Skredkapittel

Og då er dei inne på det dei meiner er det viktigaste kapittelet i boka. Det aller første. Det som alle må lese før dei blar vidare for å lese om toppturane. Kapittelet om skred.

– Vi har fått vår lokale skredekspert, Christer Lundberg Nes, til å skrive om skred- og skavlproblematikken, spesifikt for Sunnmørsalpane. Det er nesten så vi må seie at det ikkje er lov til å hoppe over dette kapittelet i boka, seier dei.

I boka har dei valt å ta med også dei heilt ekstreme nedkøyringane, men dei måtte vege litt for og imot før dei tok avgjerda.

– Men vi valde å ta dei med. Viss vi ikkje hadde gjort det ville vi nemleg ikkje fått høve til å åtvare mot faren ved det. Vi gjer eksplisitt merksam på skredfare, og kvar enkelt må vurdere forholda den dagen dei skal ut og gå.

Inspirasjon

Å seie ein favoritt blant dei mange toppane, er vanskeleg for Helset og Myklebust. Det handlar mykje om kva vêr og føreforhold det er den dagen dei skal gå på tur, og kva fjelltopp som kler best vêret.

– Men for meg er Saudehornet mitt «heimefjell». Det vert eg aldri lei. Og Standalhornet for dei meir ekstreme nedkøyringane, seier Helset.

Myklebust held seg gjerne nær heimbygda Bjørke, og held Dukhornet fram som sin favoritt, i tillegg til Grøtdalstindane i Bondalen.

Målet med boka er å vise fram breidda av toppturar.

– Det vert gjerne ei opphoping av folk på dei få og mest kjende toppane. Her får folk inspirasjon til nye turar, som kan vere vel så flotte som dei vante turane. Vi har skrive boka for å dele vår skiglede, og håper vi kan inspirere til nye opplevingar i fjellheimen.

Og Helset og Myklebust forsikrar om at dei har kvalitetssikra rutene.

– Det har vore den kjekkaste delen av arbeidet, for det har vore ein krevjande og lang prosess. Men vi har hatt med oss mange gode turvener på laget, både for selskap, men også for å få folk i bilda, fortel dei, og trekkjer særleg fram Sindre Rudi og Olav Vartdal Vinjevoll.

Boka er tilgjengeleg i sportsforretningar og bokhandlarar om kort tid.

<strong>Bok:</strong> Fjellfotograf Håvard Myklebust og fjellentusiast Stig Jarle Helset har samarbeidd om boka Toppturar i Sunnmørsalpane.