Skjåstad kraftverk og dei som bur på Skjåstad og Mork i Skjåstaddalen har opplevd at mobildekninga har vorte dårlegare det siste halvåret, frå dårleg til ubrukeleg, melder Trond Ryslett til Ørsta kommune.

Han fortel at Telenor, som er det einaste selskapet med dekning, har vorte kontakta, utan respons.– Vi bed Ørsta kommune om hjelp til å påverke dei som tilsynelatande har monopol på mobiltelefontenester i Skjåstaddalen, til å utbetre forholda. For oss er dårleg mobildekning til stor ulempe. Her bur mange som har tilsyn med fleire kraftverk, og alarmsystemet er bygd opp på meldingar over mobil. Slik forholda har vorte, kan det ta lang tid før ei melding kjem, frå fleire timar til dagar.

Vanleg mobilbruk er også vanskeleg då det er berre spesielle plassar det er dekning, og der kan vi ikkje opphalde oss heile tida, seier Ryslett til kommunen.