I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å løyve 500 milliardar til vedlikehald av skulebygningar og omsorgsbygningar.

1.024.000 av desse kronene er foreslått til Ørsta kommune. 864.000 går til Volda.

Desse pengane er del av regjeringa si tiltakspakke for auka sysselsetting, og kjem i tillegg til dei frie inntektane til kommunane.

– I dag føler mange seg usikre som følge av fallet i oljeprisen og auka arbeidsløyse. For å motverke oppgangen i arbeidsløysa forsterkar Regjeringa den finanspolitiske innsatsen. Som ein del av budsjettet for 2016 blir det lagt fram ein ekstra tiltakspakke på 4 milliardar kroner for auka sysselsetting på område som er særleg ramma av tilbakeslaget, seier finansminister Siv Jensen i ei pressemelding. Tiltaka er mellombelse og innretta slik at dei lett skal kunne bli reverset når konjunkturane blir betre.

Vekst på tre prosent

Dei frie inntektene i Ørsta og Volda vekst med i overkant av tre prosent samanlikna med overslaget for budsjett for 2015.

Regjeringa sitt overslag viser at Ørsta får 550.145.000 kroner i frie inntekter i 2016, medan Volda får 456.616.000 kroner. Auken er på rundt 18 millionar i Ørsta og 15 millionar i Volda.