Pengane er del av regjeringa si tiltakspakke for auka sysselsetting på Statsbudsjettet for 2016.

Det var frå før løyvt 50 millionar kroner til prosjektet frå staten.

Rektor Johann Roppen har gått gjennom kva statsbudsjettet byr på for Høgskulen i Volda, i tillegg til Kaarstad-pengane:

- Ingen nye stipendiatstillingar.

- Ingen fleire studieplassar. Berre dei største universiteta får nye studieplassar i 2016.

- Ein auke i overføringar på 1,5 millionar kroner på grunn av auka produksjon av studiepoeng.

- Ein reduksjon i overføringane på om lag 1,6 millionar kroner for å "redusere byråkrati og effektivisere offentleg sektor". Dette kuttet er felles for heile høgskule- og universitetssektoren.

- Løns- og prisauke blir kompensert med 2,9 prosent. Det utgjer om lag ni millionar kroner for Høgskulen i Volda.

175 millionar til fusjonar

Regjeringa bevilgar totalt 175 millionar kroner til fusjonsarbeid i høgskule- og universitetssektoren i 2016, melder Khrono.

– Vi veit at samanslåingar kostar, difor prioriterer vi universiteta og høgskulane i budsjettet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Ifølgje Khrono dekkjer likevel pengane berre ein brøkdel av det som er naudsynt i fusjonsarbeidet. NTNU har rekna ut at berre deira fusjon vil koste 250 millionar kroner.