– Besøket har eskalert i det siste. Berre i Ørsta har over 4.000 sett den norske katastrofefilmen «Bølgen», seier kinosjef Janne M.G. Skarstein.

I september i år var 4.364 personar på kino i Ørsta. I september i fjor betalte 1.206 for å sjå film på kulturhuset. Det er ein auke på 261,9 prosent.

Over ein million på kino

Auken i Ørsta er større enn både i fylket og i landet samla sett. Men kraftig vekst er det over heile linja.

I Møre og Romsdal gjekk 72.170 på kino i september i år, mot 27.152 i fjor. Det gir ein auke på 165,8 prosent. I heile Noreg gjekk 1.241.348 på kino i september, ein auke på 51 prosent samanlikna med i fjor.

– Vi er godt nøgde med resultatet og vonar at besøket held fram med å vere høgt på filmane som kjem utover hausten. Dei er også verdt å sjå, seier Skarstein.

Ho opplyser at «Bølgen» blir vist nokre få gongar til for dei som ikkje har fått med seg storfilmen.

Utover hausten står filmar som «Everest», «The Martian» og «Villmark 2» på programmet på Ørsta kino.