Ho varsla fredag ein gjennomgang av finansieringsordninga til NRK. Utvalet skal sjå på fleire mulegheiter for offentleg finansiering av NRK.

– Sjølv om kringkastingsavgifta framleis fungerer, ser vi at lisensordninga har svakheiter. Den teknologiske utviklinga kan på sikt svekke inntektsgrunnlaget til NRK. Vi treng difor ein grundig vurdering av dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ulike offentlege finansieringsmåtar, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

Gruppa skal levere rapporten sin 1. juli 2016.