Seksjonsleiar for kultur og næring i kommunen, Liv Bente Viddal, orienterte onsdag politikarane om ønska på siste møte i levekårsutvalet. Bakgrunnen er at levekårsutvalet for eit år sidan vedtok at administrasjonen i kommunen skulle starte arbeidet med å lage ein plan for opprusting av Ørsta kulturhus. Etter planen skulle utvalet i løpet av første halvår i år handsame planen med budsjett for oppussing av kinosalen og flatsalen, oppussing og bruk av underetasjen og opprusting av uteområdet.

Til no har det ikkje skjedd så mykje med planarbeidet. Liv Bente Viddal viser til manglande ressursar.

Bemanning

– Eigedomsseksjonen har ikkje fått auka bemanning eller midlar til å leige inn konsulenthjelp til utarbeiding av plan og budsjett, eit arbeid som er omfattande. Det er såleis berre ein avgrensa ressurs eigedomsseksjonen kan nytte til utgreiingsarbeidet, fortel Viddal.

Ho gjer det også klart at tilhøva kring utvikling av kulturhuset er m.a. avhengig av kva avvik ein brannteknisk gjennomgang vil vise, og kva moglegheit ein har til å utvikle eit areal utan dagslys og avgrensa moglegheit for rømmingsvegar til terreng.

– Dette er eit arbeid ein må nytte konsulenthjelp til.

Både brannteknisk dokumentasjon og vurdering av universell utforming av heile bygget i høve dagens driftsform - og gjennomgang av alle tekniske installasjonar - er noko det må nyttast konsulenthjelp til.

Arbeidsgruppa som er sett ned har prioritert oppgåvene. Og øvst på lista står innkjøp av nye stolar og bord til festsalen og legging av nytt golv. Vidare er det høgt prioritert å byte stolane i kinosalen og etablere nytt lydanlegg. Nye scenetrekk, nytt lysanlegg, ombygging og oppgradering av kiosk, vestibyle og toalett, nytt inngangsparti og renovering av kjøkkenet er også på lista. Elanlegg må også bytast, det same gjeld alle vindauge og dører.

I budsjettet for 2015 er det sett av midlar til å utarbeide brannteknisk dokumentasjon. I driftsbudsjettet for 2016 er det lagt inn ein million kroner til bor og stolar i festsalen. I økonomiplanen er det sett av to millionar årleg i ein treårsperiode.

<strong>Utgått:</strong> Ørsta kulturhus er umoderne og utdatert, og har stor trong for modernisering.