I 1983 vart ScanAprima etablert i Ørsta. No har selskapet gått gjennom ei omprofilering og har teke namnet Fjord Fabrics.

– Vi har snakka om ei omprofilering i mange år, og i fjor sommar bestemte vi oss for å gjere det. Namnet, Fjord Fabrics, hadde vi klart. Vi har hatt eitt år til å førebu oss, og endringane vart lansert under Desigers Saturday i Oslo i staten av september, seier salssjef Per Stein Straume.

Fjord Fabrics har vorte ein større og større aktør i den norske møbel- og madrassmarknaden gjennom dei snart 35 åra verksemda har eksistert. Ideen til omprofileringa starta med namna på møbelstoff som dei sel.

– Vi byrja å bruke stoff med namn som t.d. Nordfjord og Sørfjord. Vi sel mykje anna enn møbelstoff, men framtida er møbelstoff og fjord er vår identitet. Det er også eit namn som klinger godt i utlandet.

Fjord Fabrics tok kontakt med Ørsta-selskapet Racer som finpussa skisser til logo, og har laga ny heimeside. Nordvest profil har laga skilt og roll-up, og bilete av den lokale fotografen Håvard Myklebust er nytta i profileringsarbeidet.

Satsar på utlandet

Med omprofileringa så satsar Fjord Fabrics også meir på utlandet, men hovudmarknaden er framleis norske møbelprodusentar.

– Utanlandske møbelprodusentar driv vi ikkje oppsøkande verksemd med, men vi møtast på internasjonale tekstil messer. I Noreg driv vi oppsøkande verksemd. Det er eit flott fundament for oss. Viss vi vil, og tidspunktet er rett, så kan vi satse meir på utlandet i framtida.

Sterkare identitet

Fjord Fabrics har i dag ni tilsette, og med omprofileringa ynskjer dei at identiteten til verksemda skal verte enno sterkare.

– Vi ynskjer å ta marknadsandelar, og det vi no har gjort kan vise seg å vere nødvendig og riktig. Vareprøvene er no laga litt flottare, og det ser betre ut. Som grossist så går vi ikkje ut mot sluttkunden, men er på kontraktmarknaden. Vi har von om å vere eit sterkt merkenamn, og at dei som ser at stoffet som er brukt sluttar på fjord skal vite at då er det frå Fjord Fabrics. Tilbakemeldingane så langt har vore berre positive.

Jamn omsetning

Norske møbelprodusentar har hatt varierande år i det siste, men for verksemda i Ørsta har omsetninga vore jamn.

– Det har vore mykje utflagging i Noreg, men vi held oss på ei jamn omsetning. Målsetting er å ikkje gå ned i omsetning.