Levekårsutvalet har vedteke at reglementet vert ståande til framlegg til nytt skyssreglement ligg føre.

Tove Halse Digernes (Sp) fremja eit framlegg om at skyssreglementet vart ståande med unntak av strekningane Lystad-Sætre og i Bondalen, der foreldra har protestert på konsekvensane av dei nye reglane. Men det var berre Halse Digernes som røysta for dette.

Reagert

Saka handlar om at foreldre til skuleborn har reagert på at dei nye skyssreglane gjer at born frå femte klasse og oppover har mist fri skuleskyss. Mange har kontakta skulekontoret om dette.

– Likevel har ikkje skulekontoret fått inn ei einaste skrifteleg klage på dette, fortalde seksjonssjef for skulane, Kirsti Øye Driveklepp, då ho orienterte levekårsutvalet i siste møte.

Ho gjorde det klart at det nye reglementet er betre enn det gamle. Uansett verkar saka vanskeleg.

– Det er slik at det må vere ein særleg risiko utanom det vanlege som skal gje grunn til gratis skuleskyss, fortalde skulesjefen. Ho gjorde det også klart at kommunen heller ikkje har råd til å late fleire elevar få gratis skyss.

Tove Halse Digernes peika på at situasjonen har endra seg for elevar som soknar til Sætrefeltet.

– Der er meir trafikk no enn då Lystad skule eksisterte, hevda ho. Ho peika også på vanskelege forhold i Kyrkjegata vinterstida, der det ofte er ubrøytte fortau, slik Digernes hevda.

Likskap

Per Are Sørheim (H) meinte det er viktig å leggje til grunn likskapsperspektivet når ein skal vurdere kven som skal få skuleskyss og ikkje.

– Det kan ikkje vere slik at vi berre tek omsyn til dei som ropar høgast. Det er veldig vanskeleg å setje vegar opp mot kvarandre, sa Sørheim.

Kjellfrid Hovdenakk (Ap) meinte det er viktig å presse på for å få meir trafikktrygging i kommunen.