Levekårsutvalet har samrøystes vedteke at kommunen opprettar ei halv stilling som frisklivsrettleiar.

Frisklivsrettleiaren skal vere autorisert fysioterapeut. Stillinga vert finansiert gjennom potten for førebyggjande helsearbeid som er styrka.

Det er mange kommunar som har frisklivssentralar. Det skal vere ei førebyggjande helse- og omsorgsteneste. Målgruppa er personar som har behov for støtte til å endre levevaner for å førebyggje sjukdom, eller leve betre med sjukdom dei allereie har fått. Og frisklivssentralen skal gje tilbod om hjelp til meistring av eiga helse gjennom individuell rettleiing, kurs og grupper for fysisk aktivitet, bra mat og snus- og røykeslutt. Nokre har også tilbod om hjelp til meistring av utfordringar knytt til psykisk helse, risikobruk av alkohol og søvnvansker.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) i levekårsutvalet røysta for opprettinga, men meiner ein må stille krav til resultat.

– Eg vil sjå resultat av dette og kva pengane vert nytta til. Dette må ikkje verte nokon diffus sentral der pengane berre vert plassert i den store sluken. Då kan dei like godt nyttast på rullebrett-klubben i Ytre Hoven, sa Vinjevoll.