9.-klassingane ved Ørsta ungdomsskule har vore gjennom fire intense dagar på gründercamp, og fredag vart ein vinnar kåra.

Under årets gründercamp på Ørsta ungdomsskule vart fem niandeklasser fordelt på 25 ulike oppdrag. Både næringslivet og frivillige lag og organisasjonar stilte opp på gründercampen, og var oppdragsgivarar for dei ulike gruppene.

Juryen bestod av Odd Magne Vinjevoll, Kirsti Øye Driveklepp, Karen Høydal og Henrik Dalelid Vedde.

Tre juryfavorittar

Etter første gjennomgang hadde juryen plukka seg ut tre favorittar. 9C som arbeidde med Sparebanken Møre hadde fått i oppdrag om korleis banken kan engasjere 15-åringane slik at dei får eit bevist forhold til eigen økonomi og etablerer ein relasjon til banken. Ideen til gruppa frå 9C var å utvikle ein ungdomsapplikasjon.

Ei anna gruppe frå 9C arbeidde for Fora Form og hadde fått i oppdrag å finne ny måtar verksemda kunne nytte restestoff. Ideen til gruppa var å starte ei verksemd der arbeidslause eller arbeidsuføre kunne sy alt frå poncho til sitteunderlag, og ha ein miljøvennleg profil.

Den siste gruppa som vart plukka ut var 9A med Dalane barnehage som oppdragsgivar. Dei hadde fått vassleik i oppgåve, og utvikla ein vassinstallasjon med ulike funksjonar for barnehagen. I presentasjonen hadde dei og laga ein modell.

Etter ei ny tenkepause frå juryen vart det klart at 9A gjekk av med sigeren i årets gründercamp. Gruppa fekk ros for å kome opp med ein heilt ny ide, og nytte innspela frå barna i barnehagen i arbeidet. Gruppa fekk ein sjekk på 1.000 kroner og er også Ørsta kommune sin representant i den første regionale finalen i regi av Ungt Entreprenørskap. Den går av stabelen 9. juni i Ålesund. Fora Form kom på 2.-plass og Sparebanken Møre på 3.-plass og fekk 500 kroner kvar.

– Det var veldig overraskande og ei stor glede å vinne. Då vi fekk oppdraget høyrdest det nesten ut som vi måtte vere ingeniørar for å få det til, men med stor hjelp frå ungane jobba vi oss fram til ideen vår, seier Serine Bjørkedal og Emilie Bjørdal Ose.

No ventar meir arbeid med gründerideen før regionsfinalen.

– Vi er veldig motiverte for arbeide vidare.

Styrar Ellinor Sætre i Dalane barnehage takka for jobben som elevane har gjort.

– Vi kjem til å ta tak i ideen og sette den ut i livet.