– Dette er ein bra start. Det må vere lov å håpe på 1.000 før fristen for å vere med på første runde går ut fredag 16. oktober, seier driftsleiar Anne Mette Farstad og dagleg leiar Petter Bjørdal i VØR i ei pressemelding.

Prøveordninga kjem i gang frå nyttår. Frå og med 2017 blir sortering av glas- og metallemballasje obligatorisk for alle VØR-kundar. Det vil ikkje koste noko å vere med på prøveordninga.

Dei som har meldt seg på prøveordninga, får utlevert ein ny dunk med gult lokk som skal nyttast til glas og metall.

Neste steg for VØR er ei prøveordning med innsamling av matavfall. Denne kan kome i gang i 2017, før ordninga blir obligatorisk frå og med 2018.