Det er bestemt at legekontoret på Vartdalstranda skal nedleggjast, når Ørsta legetkontor vert teke i bruk. Det er bestemt at tilskota til Vartdal legekontor skal vere med på å  finansiere det nye legesenteret i Ørsta. Det følast veldig urettferdig at eit godt fungerande og lett tilgjengeleg legekontor vert lagt ned og Vartdal strandingane får eit dårlegare tilbod i Ørsta.

Ein tur til legen på Vartdal tek ein knapp time. Skal ein til Ørsta tek det to. Tek ein  buss er det haldeplass utan for legekontoret på Vartdal. I Ørsta må ein gå omlag ein kilometer. Greier ein ikkje å gå må ein ta drosje og det vil koste pengar. Kven skal betale desse utgiftene ? På legekontoret i Ørsta kjenner dei meg ikkje. Så dei to gongane eg har vore der måtte eg fortelle heile sjukdomshistoria mi og det er frustrerande både for meg og legen. På Vartdal fekk eg som oftast time på dagen, dette må ikkje tolkast som om det ikkje er pasientar på Vartdal. Det er alltid folk på venteværelset og kontorsystra seier at det hadde ikkje vore vanskeleg å skaffa pasientar til ein lege til. Det kan nemnast at i Hornindal kommune er det 2 legar på same folketalet som på Vartdalstranda.

Legekontoret på Vartdal har hatt eit stort nedslagsfelt, der har vore pasientar frå Sætre i Ørsta. Dei fekk time raskt og det var lettvint å ta bussen. Liadal og Håvoll området ligg og naturleg til Vartdal. Å legge ned legekontoret på Vartdal har vore ein årelang prosess på Kommunehuset i Ørsta. No ser det ut for at det vil lukkast. Då er det å få lagt ned Helsetun som vert neste post på agendaen, då er det skulen, barnehagen og kyrkja som er att.

Ordføraren skrytte av alt som kommuna hadde gjort på Vartdalstranda av gode ting. Det må vi seie oss takksame for, men når dei gjev med eine handa og tek att med den andre er det ikkje noke rart at folk ynskjer seg tilbake til då Vartdal var eiga kommune og var sine eigne herrar, no er vi på ein måte liveigne under Ørsta.