Storkommune eller Nærkommune? Ja takk; Begge deler! Enkelt sagt; ordet kommune tyder fellesskap. Men kva slags fellesskap? Somme meiner det dreier seg om eit administrativt fellesskap. Kommunen er eit forvaltningsorgan som leverer lovpålagde tenester til innbyggjarane.  Altså ei kommersiell bedrift med  bedriftsforsamling, styre og administrasjon. Politikarane sit då primært i  styre og bedriftsforsamling. Med dette som utgangspunkt vert hevda at større kommunar gir betre tenester, sterkare fagmiljø og stordriftsfordelar!

Andre ser på kommunen som heimbygda ,  eit fellesskap som er tufta på nærdemokrati  med høg grad av sjølråderett. Då er det mjuke verdiar som tel mest! Ein er kjenslemessig knytt til kommunen sin. Her har ein hatt oppvekst, barndom og ungdomstid. Her har du venene dine og nettverka dine. Du kjenner dei lokale politikarane og dei som arbeider i  kommunen. Og politikarane engasjerer seg sterkare i drifta av kommunen.

Kan desse to ulike syn sameinast eller er dei uforenlege? Kan vi bevare nærdemokratiet og samstundes utnytte stordriftsfordelane. Etter mitt syn er det mogleg; vi kan seie: Ja takk; begge deler!

1. Stordriftsfordelane kan nås gjennom eit  organisert samarbeid..

2. Nærdemokrati og sjølråderett kan oppretthaldast ved at viktige tenester og oppgaver vert oppretthaldne i nærkommunen.

Erfaringa har vist at samarbeid  ikkje kjem av seg sjøl.  Ørsta/Volda har kome eit stykke på veg med interkommunalt samarbeid, men mykje står på vent.  Og folkerøystinga ga som resultat ørstingane ikkje ville gå inn i ei storkommune saman med Volda. Nærdemokrati og sjølråderett var  viktigare enn administrativt samarbeid og stordrift.

Nå har Bjørke sitt initiativ for grensejustering mot Stor-Volda skapt ein ny situasjon for Ørsta. Og vi ser at det nå  er fleire som  meiner at Ørsta bør bli med i den nye storkommunen.

Samstundes har vi registrert at nærdemokrati og lokale tenester framleis er aktuelle. Stor-Volda garanterer nå at lokale tenester som Bjørke er avhengige av, skal halde fram og tilmed forbetrast.  Mange horndøler har vore bekymra for bygdenamnet og kommunesenteret si framtid .Det har resultert i at Hornindal og Grodås nå får garanti for at  viktige  lokale fellsoppgåver skal halde fram.  Det deier seg om kulturtilbod,barnehage,skule,helsesenter,sjukeheim,helsetilbod m.m.

Dette er bra for nærdemokratiet, men det betyr at samanslåing vert dyrt og at det vert mindre stordriftsfordelar.

Ei stor kommune har større slagkraft overfor fylke og stat. Men ein storkommune vil aldri løyse dei fundamentale økonomiske problem som kommunesektoren møter i dagens Norge.

Det er Staten som overstyrer økonomien . Kommunane får ansvar for tenesteytinga, men aldri full dekning for utgiftene. Det er ikkje mogleg å drive ein kommune på same måte som ei privat bedrift. Kommunen er eit forvaltningsorgan uten eigne inntekter. Overføringane frå  Staten er alltid knappe. Det betyr at kommunane heile tida må fokusere på innsparing. Og dette går ut over dei viktigaste og mest ressurskrevande fellestenestene slik som skule, helse, psykiatri og omsorg

Med ei slik organisasjonsform er det heller ikkje mykje rom for utvikling,innovasjon og nytenkning. Det meste dreier seg om å halde budsjettrama og spare inn der det er mogleg.

At stordrift ikkje løyser problema ser vi allereide i dag. Våre storbyar gir dårlege tenester når det gjeld helsetilbod,skule og eldreomsorg og dei  opplever aukande kriminalitet, fatigdom og sosiale taparar. Ei løysing av desse grunnleggande problema kjem ikkje før staten erkjenner meir ansvar og sørgjer for fullfinansiering av dei viktigaste og mest ressurskrevande felllestenestene!  Idag ser vi visse lyspunkt, overføringane fra staten har auka og vi får nå eit eige departement for eldreomsorga.

Kommunesamanslåingar må vere på frivillig basis og Ørsta/Volda vil kome når folkefleirtalet ynskjer det. Inntil det skjer, er løysinga å auke det interkommunale samarbeidet. Her krevst mykje sterkare satsing. Og ein må også tenke regionalt. Vi skal samhandle ikkje berre med Storvolda, men med heile Søre Sunnmøre.

Ei godt døme på at tida ikkje er inne for Ørsta til å gå saman med Volda er samarbeidet om samferdselspakken Melshorntunell og Ørstafjordkryssing.   Voldingar og ørstingar er framleis  opptekne av å konkurere og å ta «rotta» på kvarandre.   Ørsta får ikkje drahjelp til realisering av fjordkryssinga, og plassering av bomstasjon ved Flyplassen og Hovdebakken er ikkje mindre enn ein provokasjon og freistnad på utplyndring frå Volda si side!

Så er det å håpe at Staten erkjenner større ansvar for kommune Norge.  Med minkande statsinntekter i tida framover ser det ikkje lyst ut. Men dersom vi prioriterer våre eigne behov og reduserer våre ambisjonar om å vere ei humanitær stormakt; best på bistand ,best på hjelp til flyktningar og verdsleiarar  i miljø- og klimasatsing, kunne det vel hende at fattig Norge og kommunane fekk høgare prioritet fra stat og regjering?