Folketalsnedgang er eit problem for mange bygdelag. Unnataket er Sæbø. Der har det vore ei svært positiv utvikling siste åra. Denne utviklinga kan andre bygdelag lære av.

For vel ti år sidan hadde også Sæbø og Bondalen store utfordringar. Folketalet stupte, og barnetalet spesielt. Det var kull med berre ein elev på skulen. Brått snudde det. Barnetalet steig, og dette kulminerte førebels med at kommunestyret måtte vedta ei ekstraløyving for å utvide Sæbø barnehage for å gje plass til fleire born.

Då kan ein lure på kva som har skjedd. Enkelt sagt handlar det om at unge barnefamiliar har etablert seg. Det gjeld både folk som ikkje har valt å flytte, det gjeld folk som har valt å flytte tilbake til bygda dei har vakse opp i, og det gjeld også folk som har flytta til området utan å ha ei spesiell tilknyting frå før.

Dette handlar både om ytre og indre faktorar. I samfunnsforskinga er det velkjend at i meir usikre tider, er det færre som flyttar frå bygdene enn i gode tider. Det er feil å seie at det har vore nedgangstider i Noreg dei siste åra, men med fallet i oljeøkonomien, er det i alle fall litt meir usikre tider.

Vidare er det ei endring i folk sitt syn på pendling. Folk som har budd i byar, ser ikkje på tjuefem minutt arbeidsreise som ein lang pendleavstand. Difor vert det ikkje lenger sett på som eit hinder at det er i underkant av tre mil til Ørsta og Volda frå Sæbø.

Men i tillegg til slike ytre faktorar, har også folket i Bondalen og på Sæbø sjølve gjort ein innsats. For nokre år tilbake var det eit såkalla bygdemobiliseringsprosjekt. Der vart det sett på ymse fysiske tiltak, som vegar, turstiar, sentrumsopprusting osb. Dette har vore viktig for å vise at det skjer noko, at samfunnet endrar seg til det betre.

Likevel, minst like viktig i dette prosjektet var det å skape såkalla bulyst. Det er eit farleg omgrep på den måten at det kan verke diffust. Folket på Sæbø og i Bondalen har fylt dette omgrepet med innhald sjølve. Det er lokale folk som har teke initiativ til bustadutbygging. Det er bygdefolket sjølve som på dugnad har skapt eit av dei flottaste rekreasjonsområda som er i distriktet: Kapteinskvia. Det er bygdefolket sjølve som har teke initiativ til noko så eksotisk som eit filmteater. Det er bygdefolket sjølve som arbeider intenst med å endre bygda til å verte eit heilårssamfunn.

Og når ting er i vekst, kan det kome fram usemje om retningsvala. Det har også skjedd på Sæbø, og det er heilt i orden. Ein god diskusjon får fram gode løysingar.

Denne veka har kommuneleiinga vore på synfaring til Florø for å sjå på hamnesatsing, sykkelsatsing i sentrumsområdet osb. Det er viktig at kommuneleiinga reiser ut for å finne gode døme på ei utvikling ein også ynskjer for denne kommunen.

Når det gjeld bygdeutvikling, treng ikkje kommuneleiinga reise så langt. Det er nok å ta turen til Sæbø. Og opphaldet kan avsluttast med rekreasjon på Kapteinskiva. Men hugs: Ting tid i god tid. For der er det kø for å få plass no i sommartida.

Sjå til Sæbø.