Kommunestyret i Ørsta skreiv historie torsdag. Mot tre røyster vart det vedteke å byggje ein ny idrettshall i Ørsta til 190 millionar kroner. Det er mykje pengar, men fortel noko om at vi har politikarar som vågar å satse for å skape eit godt Ørsta-samfunn.

Då den noverande Ørstahallen kom på 1960-talet, var også det eit stort framsteg. Hallen var den fyrste av sitt slag utanfor byane. Han skapte stor aktivitet.

Men etter kvart som tiåra gjekk, vart hallen utdatert. Og Ørsta har no i altfor mange år hatt eit halltilbod av dei ringaste i området.

Det vert det no slutt på. Etter alt å døme vert det fyrste spadetaket for den nye hallen teke til sommaren. Då vil den nye storstova vere på plass om ikkje alt for lenge. Det vil verte ei byggjetid som vil verte krevjande for skular og idrettslag, men det er desse budde på – for dei veit dei ventar på noko som er så veldig mykje betre.

Fleirbrukshallen vert Ørsta si nye storstove. Sjølvsagt vil han vere eit stort pluss for idretten, både eksisterande idrettar, og nye som heilt sikkert vil kome til. Han vil verte eit pluss for skulane, både grunnskulen og den vidaregåande. Og han vil vere eit pluss for kulturlivet og næringslivet.

Den store utfordringa vert å drifte hallen på ein god måte. Med ein brutto byggjekostnad på 190 millionar kroner, er det klart at driftskostnadene vert høge. Å skape tiltak som også gjev inntekter ut over dei som måtte kome frå kommunekassa og idrettslaga sine kreative salsframstøyt, er viktig.

Det er ikkje tvil om at den nye hallen vil vere eit stort aktivum for Ørsta-samfunnet. Ein slik aktivitetsskapande bygning vil medføre tilbod for folk i alle aldrar. Han vert med på å gjere samfunnet meir komplett. Han vil vere med å på å skape engasjement, god helse, bulyst og glede.

Det er kanskje nokre Ørsta-politikarar som er noko skjelvne etter vedtaket torsdag. Det er ikkje kvar dag det vert sett av nær 200 millionar kroner til eitt prosjekt. Likevel, det kan vise seg å vere eit av dei beste vedtaka som har vorte gjort.