Spor etter menneske i naturen, frå fangstgropene dei første veidemennene laga då dei følgde iskanten nordover, til dei mest fantastiske av moderne konstruksjonar, viser vegen mennesket her til lands har gått dei siste ti tusen åra. Vi kan følgje spora i landskapet og sjå korleis mennesket har levd og nytta ressursane dei har funne i naturen som levebrød i ulike tidsperiodar.

Etter at mennesket tok til å halde husdyr og dyrke jorda og dermed vart fastbuande, sette den nye levemåten meir preg på naturen rundt seg og forma landskapet meir enn dei omstreifande veidemennene hadde gjort i årtusena før dei. Jordbruket endra naturlandskapet til eit kulturlandskap. Jordbruket som leveveg kunne fø meir folk enn fangstkulturen kunne, og folketalet auka. Mennesket dyrka meir jord, rydda meir skog, husdyra beita større vidder, og heile landet frå nord til sør, og frå fjøre til fjells, fekk etter kvart eit kulturlandskapspreg meir enn eit naturlandskapspreg.

Det er jordbruket og husdyrhaldet som har sett sitt preg på landskapet vårt meir enn noko anna næring eller leveveg. Når vi i dag snakkar om kulturlandskapet, så er det landbruket sitt kulturlandskap vi tenkjer på. Det er vekselverknaden mellom det ville og dramatiske naturlandskapet og det ofte karrige kulturlandskapet der mennesket har trassa naturkreftene og busett seg mellom svaberga ved havet, i bratte lier og på fjellhyller i fjordane, og opp mot tregrensa mot fjellet og lengst mot nord i landet, som fascinerer oss alle i dag.

Kulturlandskapet er skapt av trongen for å brødfø seg sjølv og familien, og av mangel på andre måtar å skaffe seg eit utkomme på. Jordbruket har vore heilt avgjerande for å kunne fø folket til alle tider, og kulturlandskapet minner oss om trongare tider enn det vi opplever i dag. I urolege tider har jordbruket til alle tider vore ein tryggande faktor.

I dag ligg verdsmarknaden open for den som har kjøpekraft, og kulturlandskapet vårt er ikkje alltid konkurransedyktig som produksjonsareal. Det mest marginale kulturlandskapet går ut or drift og har fått ei ny rolle som kuriositet, som ei vakker kulisse rundt turistnæringa vår. Reiselivet er ei stor næring i dag, og i vårt område skuldast dette ikkje minst det vakre kulturlandskapet som omkrinsar øyar, fjordar og fjell.

Innanfor landbrukssektoren blir det lagt ned mykje arbeid for å bevare kulturlandskapet, både av næringsutøvarane sjølve, og frå det offentlege si side. Ei av satsingane frå det offentlege som er i fokus akkurat no, er ordninga med Utvalde kulturlandskap i landbruket (UKL). Utvalde kulturlandskap i landbruket blir forvalta i eit samarbeid mellom Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, og målet er å løfte fram og gjere synleg mangfaldet i dei jordbrukslandskapa vi er så stolte av og gjerne vil vise fram. Kriteria for å bli valt ut i denne ordninga er at området må ha store landskapsverdiar, og samstundes store miljøverdiar – med stort biologisk mangfald og utvalde naturtypar – og store kulturhistoriske verdiar. I Møre og Romsdal vart fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal plukka ut til å representere fylket i den første runden. Innanfordet utvalde kultur-landskapsområdet har grunneigarar og andre kunna søkje om støtte til skjøtsel av areal, til beiting i utmark og til restaurering av gamle bygningar og andre kulturminne. Satsinga på utvalde kulturlandskap har vore så vellukka at styresmaktene no ønskjer å utvide ordninga med å inkludere fleire kulturlandskapsområde.

Etter ei runde med innspel frå alle fylka, har direktorata og riksantikvaren valt ut nye Utvalde kulturlandskapsområde. I Møre og Romsdal er det denne gongen Alnes på Godøya i Giske kommune som får lov å representere fylket vårt i lag med fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal.

Satsinga på Utvalde kulturlandskap i landbruket er eit godt døme på korleis Fylkesmannen og fylkeskommunen samarbeider om felles tiltak, der landbruksavdelinga og miljøvernavdelinga representerer Fylkesmannen og kulturavdelinga representerer fylkeskommunen. Ved å samordne ressursar og kompetanse kan vi nå større mål enn der vi arbeider for kvar vår sektor. Ved å løfte opp og synleggjere kulturlandskapet i landbruket på ein positiv måte, håpar vi også at det blir sett fokus på den viktige rolla som utøvarane i næringa har i å skjøtte og ta vare på kulturlandskapet for framtida. Like eins er det viktig at historia bak kulturlandskapet blir formidla, slik at jordbruksarealet framleis blir sett som den viktige ressursen det er for at vi skal kunne produsere mat også i framtida, jamvel om det stundom kan synast marginalt. Kulturlandskapet vårt har ein eigenverdi og må ikkje berre stå fram som ein dekorasjon og ei vakker kulisse kring reiselivet.

Lodve SolholmFylkesmann i Møre og Romsdal