Ørsta Skisenter, snøproduksjon og skidag?

Etter nok ei helg på Ørsta Skisenter vart eg igjen overvelda over kor flott der er, og for eit komplett skisenter dette er. Alle typar løyper og moglegheiter både for barneleik, langrenn, tur, alpint og toppturar, og til og med stolheis som også kan ta folk utan ski opp og ned. Dessutan har vi varmestove med kiosk og grillområde nede, samt ein flott fjell kafé på Eitrefjellet. I tillegg er det ferdiglaga sittegroper med grillar bak i Nottane. Og alt dette finn vi berre eit kvarters køyretur frå Ørsta eller Volda. Slå den. Vi er svært heldig.

Dette er vel kjent av alle frå før, så kvifor nemne det?

Jau, fordi det er ikkje gitt at det alltid vil vere slik. Tilbodet her er avhengig av at vi verdsett dette og brukar det. Og Ørsta Skisenter er ein kromtapp i det som ER Ørsta; ski, fjell, snø, friluftsliv mv. Det er derfor vi bur her, eller flyttar hit!

No er heile ski anlegget ope og det er svært bra forhold ved Ørsta Skisenter. Til og med vêret spelar på lag. Årsaka til at det er så godt med snø der framme er ein heilt eineståande innsats frå dei som produsera snø. Dei har nytta kvart einaste høve heilt sidan før jul, og fortener både ein hyllest og medalje frå Ørsta kommune for dette arbeidet. Slik det ser ut no har dei redda ei sein påske for mange av oss.

Men alt er ikkje roseraudt dessverre. Ser at eksempelvis Ørsta vgs. vel å prioritere lang reisetid ved å reise heilt til Hornindal på skidag (7/3). Sjølv om det tidlegare har vore litt lite snø på Bondalseidet også, skulle det ikkje mykje kommunikasjon og planlegging til for å få til ein lengre, rimelegare og meir komplett skidag på Bondalseidet. Og det er slik vi alle må tenke, og verne om dei verdiane vi har her i kommunen vår. Synes dette var trist, og håpar dette var eit eingongstilfelle.

Volda vgs. kan vi sikkert berre gi opp, for dei har konsekvent aldri valt Ørsta. Dei slit også med at få vil delta på skidag, men det er kanskje ikkje så rart, når dei opererer med halve skidagar og lang reise. Det er vel det ein kallar styrt avvikling av skidag.

Med det vil eg berre oppmode alle, også skulane, om å bruke dette fantastisk flotte skisenteret vi har. Då vil vi sikkert ha Ørsta Skisenter i mange år enno, og med gode tilbod (kanskje fleire tilbod) til både born og vaksne. Og kjenner du nokon som har vore med å produsert snø, så gi han/henne ein klapp på skuldra.

Tore Øye

vignettbilde Foto: roy-arne folkestad