Korleis legger regjeringa til rette for framtidas arbeidsplassar? Omstilling? Ja, flotte greier!

Regjeringa går i 2016 ut med at dei skal leggje til rette for eit unntak i dagpengeforskriftene i Nav, slik at dei som kjem frå oljerelatert industri kan få dagpengar kombinert med deltidsutdanning PPU/PPY (praktisk pedagogisk utdanning – yrkesfag). Då det er stort behov for fleire yrkesfaglærarar i den vg. skulen.

Ope brev: Gina Bjørdal skriv ope brev om omstilling til Erna Solberg.

Fylkeskommunen i M.R legg ut ei «gulrot», om å kunne søke om stipend for arbeidsledige som kjem frå oljerelatert industri (ingeniørar, fagskule ingeniørar) som er villig til omstilling og satse på PPY studie og bli yrkesfaglærarar.

Høgskulen i Volda set av fleire studieplassar til deltidsstudiet PPY for akkurat dette tiltaket.

Eg har fagbrev som maskinarbeidar og er og utdanna Fagskule- ingeniør (maskinteknikk/TIP), men etter alle år i arbeidslivet måtte eg gå, på grunn av nedbemanning i oljerelatert industri.(18 år i industrien) Eg har ikkje sluttpakke!

1. juni 2016 kjem det då ifrå NAV at: «Dersom du er under utdanning eller opplæring har du som hovudregel ikkje rett til dagpengar, men det finst unntak.» Dei unnataka er mellom anna : «For å kunne få dagpengar under utdanning, må du fylle dei vanlege vilkåra for rett til dagpengar, du må òg fylle vilkåra for unntak.» Dei vanlege vilkåra for rett til dagpengar er at ein er 100 % aktiv arbeidssøkande, det er eg absolutt, har søkt på uhorveleg mange stillingar og fått like mange avslag, men eg har ikkje gitt opp!

Vilkåra for unntak- «Utdanning utanfor normal arbeidstid, med maksimalt inntil 10 dagar per semester med undervisning på dagtid. Studieprogresjonen må òg vere minst halvert samanlikna med tilsvarande utdanning på heiltid.»

Dette studiet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudie for å gje studentar i jobb, moglegheit til å ta dette studiet. Det er innanfor 10 virkerdagar med undervisning per semester!

For at utdanning utanfor normal arbeidstid skal kunne bli rekna som fullverdig i kombinasjon med fulltidsarbeid, må utdanninga som hovudregel ha redusert studieprogresjon med minst 50 prosent samanlikna med tilsvarande utdanning på dagtid med full studieprogresjon. Dette betyr at du må bruke dobbelt så lang tid på utdanninga samanlikna med ein som tek tilsvarande utdanning eller fag på heiltid ville ha gjort.

Det gjer eg gjerne! Eg er klar for omstilling!

Eg fyller med dette ikkje berre eitt av unntaka, men to av unntaka i forskriftene. Men NAV Arbeid og Ytelser kan ikkje sjå og godkjenne utdanninga fordi «den faller ikke inn under et av unntakene» !!!?

31. juli 2016 var min siste arbeidsdag, og både før og etter denne dato har eg vore aktiv og 100 % arbeidssøkande.

28. juli 2016 søkte eg om godkjenning av utdanning med rett til dagpengar.

11. august blei søknaden avslått med grunngjeving i at «stønadsmottaker ikke anses å være reell arbeidssøker eller disponibel for arbeidsmarkedet så lenge hun er under utdanning». Dei aller fleste (95%) som er på dette studiet er i arbeid !

Kva skal ein gjere då? Jau, då kan du seie ifrå deg studieplassen og bli 100 % NAVAR, då kan du få innvilga dagpengar!

Mitt lokale Nav kontor oppfordrar meg til å fortsette å søke på arbeid og samtidig halde på studieplassen, sende inn klage på vedtak så ordar det seg nok!

Eg har kasta meg inn i denne omstillingsprosessen, alt er betre enn å vere arbeidsledig!

Eg har minst 10-15 år att i arbeidslivet og eg har ikkje tenkt å gi opp verken arbeidsliv eller omstillingar!

Men kallar dagens regjering dette for å legge til rette for omstilling ? Til folk som eg som verkeleg ønsker å tilføre og yte noko i dette landet?

Eg føler meg lurt av regjeringa og dykkar store lovnader, som berre viser seg å vere tomme ord. Eg viser vilje til omstilling, eg viser handling og pågangsmot!

Kallar regjeringa at dette er tilrettelegging for omstilling, at eg skal sei ifrå meg studieplassen, gi opp, bli økonomisk ruin, miste hus og heim og bli 100 % NAVAR ?

Eg er ikkje åleine om å vere arbeidssøkande i Norge i dag, og eg prøver å ikkje ta det innover meg kvar gong eg får avslag på jobbsøknader, det er ikkje lett, men eg er blitt flink, og står på vidare.

Vi må ha politikarar som ein kan stole på og som viser handling!

Regjeringa kan vel ikkje berre annonsere at no viser vi handling og legg til rette for omstilling i denne kriseramma tida – men berre nesten?

Kan nokon svare meg på dette? Kva seier du og meiner du om denne saka her Erna Solberg? og Anniken Hauglie? Og kva vil de gjere med dette? Skal eg bli 100 % navar om eg ikkje får meg jobb? Seie ifrå meg deltidsstudiet, og misse største sjansen på vidare jobb og omstilling?

P.S Om nokon les dette og har jobb å tilby, så ta meir enn gjerne kontakt med meg!

bjordal.gina@gmail.com

Gina Bjørdal