Midt under handsaminga av Osgeil-saka i samfunnsutvalet tysdag, valde utvalet å gøyme seg for innbyggjarane. Det er ei møteform som straks må ta slutt.

Saka om kva som skal skje med vegsystemet på Ose engasjerer. Oppsitjarar og andre har engasjert seg sterkt, og politisk har saka vorte vanskeleg.

Det heile toppa seg i samfunnsutvalet tysdag, etter at fem medlemmer kravde ny handsaming av saka. Midt under handsaminga, valde utvalsleiar Inge Kolås å ta med seg utvalet til eit anna møterom. Der ville han halde fram handsaminga i eit såkalla gruppemøte, utan at publikum eller presse fekk vere til stades. Pressa greidde å argumentere for at dei skulle vere til stades, då ei lukking av møtet ikkje var heimla i lovverket. Men publikum, for det meste oppsitjarar frå Ose, måtte vente ein time i det opphavlege møterommet.

Dette er pinleg for samfunnsutvalet, og det er sterkt kritikkverdig. Slik skal ikkje innbyggjarane handsamast. Og handlemåten til utvalet og utvalsleiaren er lovstridig.

Kommunelova er klar på at kommunale møte skal vere offentlege:

«§ 31.Møteoffentlighet

1. Enhver har rett til å overvære møtene i folkevalgte organer.

2. Et folkevalgt organ skal vedta å lukke et møte når det foreligger lovbestemt taushetsplikt.

3. Et folkevalgt organ skal vedta å lukke et møte når det skal behandle en sak som angår en arbeidstakers tjenstlige forhold.

4. Et folkevalgt organ kan vedta å lukke et møte når hensynet til personvern krever det.

5. Et folkevalgt organ kan vedta å lukke et møte når hensynet til tungtveiende offentlige interesser tilsier det, og det vil komme fram opplysninger i møtet som kunne ha vært unntatt offentlig innsyn etter lov 19. mai 2006 nr. 16 (offentleglova) dersom de hadde stått i et dokument.»

Osgeil-saka er vanskeleg for politikarane. Men at ei sak er vanskeleg er ikkje grunn god nok til at eit utval vel å lukke dørene for innbyggjarane. I denne saka handla det verken om lovbestemt teieplikt, ein arbeidstakar sitt tenesteforhold, omsyn til personvern eller at der kunne kome fram opplysningar som kunne ha vore unnateke offentleg innsyn etter offentleglova.

Denne praksisen til eit politisk utval i Ørsta kommune må ta slutt. Det er ei oppgåve både for politisk og administrativ leiing å sjå til at norsk lov om offentlegheit vert følgt.

Og dette handlar ikkje om at pressa vart forsøkt utestengd. Journalistar kan lovverket og veit å kunne protestere når det vert sett at det vert gjort feil.

Dette handlar fyrst og fremst om publikum som kjem til eit politisk møte. Dei tek seg fri frå arbeid, og får ikkje noko møtegodtgjersle. Dei kjenner ikkje lovverket sine punkt om offentlegheit, og trur det skal vere slik.

Overfor desse var samfunnsutvalet sin handlemåte sterkt kritikkverdig.