Risikoen for å omkome i brann aukar med stigande alder. Vi oppfordrar difor dei yngre i familien og nabolaget til å sjå til at dei eldste får skifta batteri i røykvarslaren, har sløkkeutstyr som er i orden og som dei klarer å bruke. Det er i dag fleire hjelpemiddel enn nokon gong og dette kan vere gåvetips til ”dei som har alt”. Vi kan nemne sløkkeskum på sprayboks, branntepper, komfyrvakter, røykvarslarar med lyssignal, røykvarslarar med vibrasjon etc. etc.

Kvifor brenn det?

Det er dei typiske brannårsakene som dominerer også i desember: Gløymde gryter på komfyren og manglande varsemd ved bruk av levande lys. Ikkje så rart, kanskje. I desember vert det kokt og steikt meir mat enn vanleg. Det vert også tennt langt fleire levande lys enn vanleg. I tillegg slår vi på all slags elektrisk julebelysning. Kosen skal vi sjølvsagt ha - men les våre tips for ein tryggare kvardag.

Levande lys

Desember er utan tvil den månaden det vert tennt flest levande lys i Norge.

Her er fire gode reglar for bruk av levande lys:

1. Hald alltid levande lys under oppsikt

2. Plasser aldri levande lys for nært brennbart materiale.

3. Syt for at lysa står stødig.

4. Bruk aldri brennbare lysestakar eller brennbare lysmansjettar.

Elektriske julelys

Jula er ikkje bare høgsesong for bruk av levande lys. Millionar av elektriske smålys i juletre, adventsstakar og juledekorasjonar vert også tennte. Med det aukar brannfaren. Her er nokre gode råd:

Hovudregel: Slå alltid av julelysa om natta og når du ikkje er heime.

Både tradisjonelle juletrelys og moderne minilys består av fleire smålampar som er seriekopla. Når ei av lyspærene går, oppstår ein forbikopling i sokkelen som gjer at resten av lyspærene framleis lyser - men med auka styrke! Ei slik effektauke fører til overoppheiting som kan tenne eit tørt juletre, julepynt eller anna brennbart materiale i nærleiken.

Matlaging på komfyr

Gløyming og mangel på aktsemd og konsentrasjon ved koking og steiking på komfyr er den vanlegaste brannorsaka i norske heimar - også i jula. Her er nokre gode råd for å ta vare på branntryggleiken:

Hovudregel: Hald alltid tilsyn med ein komfyr som er på.

Frityr/smult

Ved smoltkoking og frityrsteiking er brannfara ekstra stor, og du bør stå ved komfyren heile tida. Vær forsiktig med temperaturen, slik at oljen ikkje tek fyr. Skulle uhellet skje, prøv aldri å sløkke flammane ved hjelp av vatn. Det vil gje ein eksplosjonsarta brann med uante konsekvensar. Ha heller eit lok som dekkjer heile gryta lett tilgjengeleg. Ved flammar, legg loket over gryta, slå av komfyren og dra gryta forsiktig av plata. La gryta stå til den er avkjølt.

Ventilator

Dei fleste har ein ventilator med avtrekksvifte montert over komfyren. Over tid samlar det seg store mengder feitt her. Det er svært viktig at ventilatoren vert gjort rein regelmessig. Mange brannar har starta fordi strålevarme frå komfyren har tennt feittet i ventilatoren.

Matlaging og alkohol

Dessverre skuldast mange brannar kombinasjonen av koking/steiking og høgt alkoholinntak. I rusa tilstand blir ein mindre merksam, har lettare for å gløyme at komfyren står på og sjansen er også større for at ein sovnar frå heile matlaginga. Alkohol og bruk av komfyr passer svært dårlig i lag. Overlat matlaginga til ein som er edru!

Røykvarslarar og sløkkeutstyr

Om det skulle ta til å brenne er det viktig at ein har røykvarslarar og sløkkeutstyr som fungerer. Første desember var røykvarslaren sin dag. Denne dagen oppfordrar vi alle å bytte batteri og kontrollere røykvarslarane i heimen sin. Ein bør samstundes også sjekke at sløkkeutstyret er i orden. Om du enno ikkje har gjort det vil vi oppfordre deg til å gjere det i dag!

Varsling av brannvernet

Er uhellet ute varslar du brannvernet på tlf. 110. Medan ein ventar på brannmannskapet er det viktig at ein sjølv gjer det ein kan for å avgrense brannen medan den er liten. Det viktigaste er at alle blir varsla og evakuerer huset som brenn. Lukkar ein dører og vindauge vil ikkje brannen få tilført oksygen og det vil redusere intensiteten på brannen, i nokre tilfelle har vi sett at brannen stoppar heilt i startbrannrommet. Det er viktig å ha sløkkeutstyr lett tilgjengeleg og å kunne bruke det. Prøv likevel aldri å sløkke om det utgjer fare for eige liv.

Med ynskje om ei fredeleg og trygg julehøgtid.Ørsta brann og redning

Smult: Pass på gryta. Foto: Frilans