Som hovudregel bør skuleelevar delta på gudstjenester i kyrkja, seier Anbjørn Steinholm Frislid (FrP) i MN tysdag 6. desember. Argumentet til Frislid er simpelt: dagens samfunn har ein kristen kulturarv (t.d. språk og tradisjonar som julefeiring), religionsfaget i skulen er kjedelig, derfor bør opplæringa supplementerast med forkynning frå «trauste» prestar i Den Norske Kyrkja.

Om vi ser vekk logiske tankebristar så kan vi likeeins nytte Frislid’s argument på følgande måte: dagens samfunn har ein norrøn kulturarv (t.d. språk og tradisjonar som julefeiring), religionsfaget i skulen er kjedelig, defor bør opplæringa supplementerast med jólblót og andre ritual og sermoniar i regi av volve eller seidmenn. Det vil ikkje vere mangel på praktisk opplæring, elevane vil mellom anna få slakte geiter og villgris, drikke blod, og gå julebukk. Ikkje noke utvatna, sekulær julebukk med nisselue og sjokolade og marsipanbrød, nei takk som byr. Det skal vere julebukk med ekte geiteskinn over skuldrane og geiteskalle med horn på hovudet. Traust hadde det vertfall ikkje vore. Dei elevane som av prinsipielle årsaker ikkje ønskjer å delta, skal sjølvsagt sleppe det, men som hovudregel bør elevane delta i tradisjonell jólblót og julebukk. Og skulane bør påleggjast å legge til rette for at elevane deltek desse rituala i skuletida.

Nei, lat no heller julefreden få senke seg utan at kristenkonservative teokratar som Frislid skal få trenge traust forkynning ned halsen på born og unge som ser fram til skulefri og ei koslig jul saman med familie og venner. Lat no born og unge og familiane deira få feire jula på sine eigne premiss uten at Frislid legg føringar for dei. Lat born og unge og familiane deira få skape sine eigne tradisjonar. Lat julefreden få senke seg.

Med varme jólehelsingar,

Reidar P. Lystad