No skal det satsast. Budsjettet er historisk, for no er den fyrste store løyvinga til fleirbrukshallen i boks. Samstundes skal det satsast på skular, vegar, bustadfelt osb.

Spørsmålet fleire stiller seg, er om Ørsta-politikarane har teke for mykje Møllers tran, for det kan vise seg at den pengebruken som det vert lagt opp til, kan straffe seg om nokre år.

Det mangla ikkje på åtvaringar i Ørsta kommunestyre. Fleire meiner pengebruken vil gjere at politikarane vil verte tvinga til å auke eigedomsskatten.

Kritikken går både på at driftsnivået er for høgt, og at investeringane er for store. Investeringane vil kunne gje vesentleg auka kostnader til renter og avdrag.

Likevel, fleirtalet i kommunestyret høyrde ikkje på åtvaringane, og gledde seg i staden over eit budsjett med rekordhøge investeringar. Etter sju års tørke, meiner mange at tida er inne for sju års vekst ...

* * *

Vedtaket om fleirbrukshall var ikkje det einaste historiske i kommunestyret torsdag.

Etter fleire rundar over fleire år, vart lokalisering av hestesportsanlegg vedteke. Mange møtte på kommunestyresalen for å få med seg handsaminga og vedtaket. Og blant hestesportsfolket var det stor glede etterpå. Endeleg var dei høyrde.

Uavhengig av kvar lokaliseringa vart til slutt, vedtaket er viktig. Det handlar om Ørsta som ein tradisjonsberar for hestehald, og det handlar om å gje barn og unge, og særleg jenter, gode rammer for ein sunn og flott fritidsaktivitet.