Innlegget av Ørsta SV i avisa på tysdag stadfestar noko som mange av oss visste, men som totalt mangla i Møre-Nytt sin omtale, nemleg at slett ikkje alle gjev applaus til retorikken og politikken som Sylvi Listhaug står for.

Same kva ein måtte meine om innvandringspolitikken åt regjeringa, er det grunn til å kritisere den journalistiske vinklinga som vart gjord. Eg legg meg ikkje opp i kva politiske sympatiar medarbeidarane i lokalavisa hyser privat, men det er lite profesjonelt når pressa vert mikrofonstativ for einsidige synsmåtar utan å stille kritiske spørsmål.

Bodskapen i stykket av journalist Folkestad var at Sylvi Listhaugs politikk og talemåtar vart vel fagna av ørstingane. Men burde det ikkje streife ein tanke om at forsamlinga kanskje ikkje var særleg representativ for folket i bygda? Kven er det som fyrst og fremst møter opp når FrP skipar til eit møte med statsråd Listhaug?

Svært mange ørstingar prioriterte å bruke tida heilt annleis den ettermiddagen. Det burde det ikkje vere vanskeleg for ei frittståande lokalavis å forstå. Eg håper redaksjonen ser på det konkrete oppslaget som ein glipp. Møre-Nytt må ikkje gje opp ambisjonen om å nyansere og stille kritiske spørsmål – ikkje minst til mektige politikarar som har så mange menneske-lagnader i hendene sine.

Per Halse