Diskusjonen og politikken rundt hestesportanlegget har foregått i årevis og kan endeleg avgjerast no. Eg vil med dette vise til at dette gir eit skikkeleg gode for Ørsta.

Eg vil gjerne trekkje fram fordelen vi har med at vi er tre forskjellige foreninger innan hestesporten vil gå saman om eit anlegg. Dette gjer at anlegget vil ha ei brei kompetanse som opnar for mange ulike tilbod innan hestesporten og gir oss mange bein å stå på økonomisk.

Viljen i alle foreningene er stor og det er viktig for oss å få fram at vi vil gjere alle forhåndsreglar for at vi ikkje skal vere noka byrde for naboane. Snarare tvert i mot, dette er eit positivt tiltak!

Gevinstane ein får av hestesporten er mange, den fungerer som terapi både psykisk og fysisk. Terapiridning er mellom anna ei anerkjent behandlingsform som staten gir økonomisk støtte til. Mange meiner også at samvær med hest burde vere på blå resept som alternativ til medisinar for psykisk helse.

Det å kontrollere og få tilliten frå ein  hest som kanskje veg x10 av di kroppsvekt, gir deg ei herleg kjensle av mestring. Du lærer å vere lyttande, løysingsorientert og audmjuk, samt bestemt og konsekvent. - Ein kombinasjon av eigenskapar som gjer at du blir god på samarbeid og ta ansvar. Studiar har også vist at det å drive med hest skapar gode leiarar. Der fins leiarkurs for bedrifter der hesten blir brukt som virkemiddel for å skape tillit, respekt og god kommunikasjon.

Å ha ansvar for eller å vere i kring dyr utviklar empati og omsorg. Du får komme ut i frisk luft og jobbe deg svett, -utan at du tenkjer over at det er vanskeleg nettopp fordi ein har det kjekt! Hesten sprer glede. Ei glede som vi vil dele med mange fleire.

Torunn HjelvikLeiar i Vestri Islandshestforening