Det er svært viktig å sjekke garasjar og uthus no i ferietida, slik at kattar og andre dyr ikkje blir innesperra utan mat og drikke. Det er heller ikkje lurt å fôre andre sine dyr.

Fredag 1. juli er den dagen eg veit at eg sist såg Betty før ho forsvann. Måndag 11. juli vart ho funnen i ein garasje litt lenger oppe i Hovdebygda, etter tips frå ein god nabo. Han kunne fortelje at også hans katt hadde vore innesperra i den same garasjen tidlegare. Betty kan altså ha vore utan mat og drikke i opptil 10 dagar før ho vart funnen. Katten var i fin form då eg fann henne, men veldig tørst og svolten og mykje tynnare enn før. Heldigvis var garasjen ikkje låst. Eg fylte vass-skåla hennar 2 gonger og ho drakk opp alt. Katten fekk i tillegg både tørrfôr, våtfôr og reint svinekjøt. Ho ville sjølvsagt helst ha det siste. Ein veterinær fortalde meg etterpå at kattar er ørkendyr og kan klare seg utan drikke i opptil 2 veker.

Frykta påkøyrsel

Eg har ropt på henne fleire gonger kvar dag sidan ho forsvann, og eg har tenkt at ho i verste fall kunne vere påkøyrd.

Difor sjekka eg også veggrøfter og vegkantar. Katten har sannsynlegvis høyrt meg, men eg har nok ikkje høyrt henne. Då eg stod utanfor garasjen og kalla på henne, høyrde eg eit ul innafor: ein katt i naud. Og då eg opna garasjedøra, kom ho ut. Eg bar henne heim og gav henne mat og drikke. Etterpå fann ho seg godt til rette i senga mi.

Leiteaksjon

Det høyrer med til historia at eg snakka med nokre småjenter i nabolaget og viste dei bilete av katten. Dei hadde visstnok hatt leiteaksjon etter henne. Heldigvis møtte eg på dei igjen då eg hadde funne katten og kom berande på henne, slik at dei slapp å uroe seg meir. Neste dag oppdaga eg ein søt liten lapp på trappa ute.

Eg er veldig glad for at dette ikkje var ein katt med ungar. Då kunne det i alle fall gått skikkeleg gale. Betty er sterilisert.

Ann Helen Sørhaug

<strong>Melding:</strong> Jentene i nabolaget sytte for ein leiteaksjon.