Prisar og vilkår

Abonnement

 

 

Prisar:

Prisar gjeldande for 2017:

12 mnd

6 mnd

3 mnd

1 mnd

Møre-Nytt Total

- papiravis og eAvis 3 dager i uken

1770,-

890,-

495,-

155,-

Møre-Nytt Digital

- eAvis 3 dager i uken

1320,-

660,-

330,-

110,-

Møre-Nytt Digital student

- eAvis 3 dager i uken

660,-

330,-

165,-

55,-

Fakturatillegg kr 40,-

 

 

Laussalspris:

Laussalspris kr 25,-

 

Abonnementsvilkår:

1.  Generelle abonnementsvilkår

1. Gjeldande vilkår er dei som ligg på avisa si nettside.

2. Avisa kan når som helst endre prisen på abonnementet. Om abonnementet strekkjer seg over ein periode med ny og gammal pris, vil dette vere spesifisert på fakturaen.

Nye abonnementsprisar vert kunngjort gjennom annonse i avisa/nettsida til avisa seinast 14 dagar før dei vert gjort gjeldande.

4. Fakturagebyr kjem i tillegg ved papirfaktura. Fakturagebyret fell bort ved Avtalegiro, eFaktura og kortbetaling.

5. Abonnementet vert betalt på forskot i samsvar med den betalingsperioden som er vald.

6. Dersom abonnementet ikkje vert betalt innan rimeleg tid etter forfall, vert levering av avisa stoppa og det vil bli sendt ut faktura for den tid avisa har blitt levert.

7. Abonnementet er aktivt inntil det vert sagt opp. Ved oppseiing går abonnementet ut den perioden det er betalt for, men vert ikkje fornya.

8. Alle abonnement inkluderer enkelte digitale element.

9. Alle artiklar, fotografi, grafikk med meir vert stilt til rådigheit for vising/lesing. Kopiering eller utskrift til eige personleg bruk er tillate. Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje mangfaldiggjere materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk. Dette gjeld også vidaresending i elektronisk eller digital form. Det vert elles vist til lova om opphavsrett.

 

2.  Spesielle vilkår for papiravisa

1. Papirleveringa kan flyttast til ny fast adresse eller til ferieadresse.

2. Mellombels stopp i leveringa av papiravisa vert ikkje godskrive, då sjølve abonnementet er aktivt og dei digitale tenestene vert levert heile tida.

3. Dersom papiravisa ikkje blir levert etter avtale vil avisa sitt erstatningsansvar avgrense seg oppover til det beløp som er betalt for i den perioden avisa ikkje har blitt levert.

 

3.  Spesielle vilkår for digital tilgang

1. Alle prisar er inkl. mva. for dei digitale delane av abonnementet.

2. Abonnementet eller dagspasset gir ein (1) personleg digital tilgang til artiklar i nettavisa, til dagens eAvis, til eAvis-arkivet og til enkelte andre digitale tenester. Ved kjøp av dagspass gjeld tilgangen fram til midnatt same dag.

3. Inkludert i abonnementet ligg eit familieabonnement. Dette gir abonnenten moglegheit til å gi ytterlegare to (2) familiemedlemmer i eigen husstand tilgang til dei digitale tenestene. Merk: I eigen husstand.

4. Dersom abonnenten ikkje er ein privatperson, men ei verksemd, kan denne gje digital tilgang til ytterlegare to (2) medarbeidarar, på same måte som for familiemedlemmer. Denne verksemdsrelaterte tilgangen kan då brukast på verksemdas adresser eller på jobbreiser, el.l.

5. Verken abonnenten (1) eller dei registrerte familiemedlemmene/medarbeidarane (inntil 2) kan spreie tilgangen ytterlegare. Merk: Totalt inntil 3 tilgangar per abonnement.

6. Dersom tilgangen vert misbrukt eller spreidd ut over det tillatne, kan avisa stengje tilgangen omgåande. Alvorleg misbruk kan bli meldt.

7. Den digitale tilgangen vert levert så lenge abonnementet er aktivt, også under ev. stopp i levering av papiravisa.

8. Forseinkingar på digitale utgåver vert ikkje godskrivne.

 

4.  Spesielle vilkår for studentabonnement

1. Gjeld for studium på høgskule- eller universitetsnivå.

2. Leveringsadressa må vere lik adressa der studenten bur/oppheld seg under studiet.

3. Gjeld studentar t.o.m. fylte 34 år.

4. Eit vilkår for studentrabatten, er  at vi kan kommunisere med deg per e-post.

5. Det må framvisast gyldig semesterkort og studentbevis for å kunne ha eit studentabonnement. Dette skal gjerast innan 1. oktober kvart år. Om vi ikkje har mottatt dette innan fristen, vil ditt abonnement automatisk bli endra til eit ordinært abonnement. Du vil få ei påminning om dette før fristen går ut.

 

5.  Spesielle vilkår ved kjøp på nett

1. Det er 18-årsgrense for kjøp frå vår nettbutikk.

2. Kjøpet kan hevast innan 14 dagar. Ta kontakt med avisa sitt kundesenter ved spørsmål og heving av kjøp.

 

Avisa brukar kundeopplysningane til å oppnå større kunnskap om sine abonnentar, slik at avisa heile tida kan forbetre produkta. Når det gjeld informasjon som er oppgitt på brukarkonto, samt informasjon knytt til transaksjonar, har avisa felles behandlingsansvar med Schibsted Payment AS som leverandør av SPiD-tenesta. Opplysningane vert ikkje vidaresende eller selde til andre tredjepartar, og vert oppbevart i samsvar med norsk lovgiving. Abonnentar må sørge for at avisa heile tida har riktig kontaktinformasjon.

 

 

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.