For fjerde året på rad arrangerer Lenita Storeide, Siv Astri Erlandsen og Christian Gaard Trandal Countryfestival. 8. august startar festivalen opp, og countrypublikummet inntek den vesle bygda i Hjørundfjorden.

– Det har vore ein suksess frå vi starta opp. Den byggjer seg opp til det som vi meiner er passeleg med folk, og det spreier seg. Trandal er ein liten plass og folk lurer på kor i allverda det er hen, men festivalen er komen for å bli, seier Erlandsen.

Countryfestivalen har vorte kjent blant artistar og publikum over heile landet. Artistane som skal opptre i år er Kenneth Weines, Hawk Christensen, Steffen Jakobsen, Big B (Bjørn Vidar Amdal), Tonje Hjemli Holen og Sivert Bjørdal. Jakobsen er nok det mest kjende namnet etter at han var med på Idol i 2013. Han var og med på countryfestivalen i 2011. Arrangøren har sett saman to husband med musikarar frå høgaste hylle. Tore Håland frå Norsk Country Radio skal vere programleiar. I tillegg til musikk frå scena vert det også gratis linedancekurs gjennom Cow Valley Linedancer.

– Vi ynskjer at alle skal vere samla på Trandal. Artistane skal bu på Trandal, og ikkje på hotel på Sæbø eller i Ålesund. Dei skal vere blant publikum, og publikum skal få møte artistane som dei kjem for å høyre på. Det er med på å gjere countryfestivalen på Trandal intim.

Mange har allereie sett av augusthelga med Trandal i tankane.

– Country er synonymt med camping. Folk vil gjerne vere der heile helga, men det er litt lite plass til camping. I fjor så har vi 40–50 einingar innom festivalen. Alternativet er overnatting på Sæbø, og nytte skyssen over fjorden, seier Erlandsen.

Alt ligg til rett for at den fjerde utgåva av Countryfestivalen på Trandal også skal verte ein suksess.

– Vi har von om fint vêr, og at det kjem mykje folk som er glad i denne typen musikk. Her får dei treffe artistane, og vi har von om folk er med på å skape god stemning saman med oss.