– Det er på mange måtar befriande å spele på ein slik konsert. Ein kan ikkje gøyme seg bak filteret ein mikrofon og eit lydanlegg er.

Det seier Robert Post. Visepopkunstnaren frå Langevåg var ein av dei som medverka til at Sommarljom vart ein suksess i helga. Fredag var det konsert i Ørsta kyrkje, og laurdag kveld var det intimkonsert i Kunsthuset i Ørsta.

Konserten i Kunsthuset var slik som Audun Ellingsen, ein av arrangørane sa det: «Smal, men likevel brei». Her var alt frå operamusikk og eksperimentell kontrabassmusikk til visepop og indisk musikk.

Eit lydhøyrt publikum kosa seg gjennom den om lag to timar lange konserten.

På scena stod den norsk-indiske fiolinisten Harpreet Bansal. Ho kom med trioen «Raga Bansal». 15 år gamle Sigurd Elias Halse, medverka med eit stykke av Chopin på klaver.

Summertime

Trekkspelar Morten Bollerud spelte saman med festivalarrangør Karen Rosenberg Olsen. Dei framførte kjende opera- og operettestykkje saman, og Bollerud drog også Piazolla-melodiar på trekkspelet. Dei to lokale gutane Henrik Sandstad Dalen og Jonas Krøvel (20 og 21 år) kom som kontrabassduoen «Her Niebelfelder». Det vart ein spennande bolk.

Robert Post avslutta det heile. Spellemannprisvinnaren fengde publikum med visepopen sin.

Kunsthuset er ein heilt spesiell konsertarena. Det er mykje akustikk, og konserten laurdag var utan mikrofonar og lydanlegg.

Ramme

Det gav konserten ei heilt spesiell ramme, noko også Robert Post sette pris på. Han har spelt på stadion og på store konsertar. Dette var noko anna.

– Det vert ein annleis måte å bruke gitaren og røysta på. Det er både skummelt og befriande. Det å spele utan filter gjer deg meir sårbar, fortel Post.

Han er full av lovord om arrangementet.

– Det er kjempeflott at eldsjeler tek på seg å arrangere noko slikt. Og lokala her på Kunsthuset har verkeleg sjel, fortel Post.

– Vi er stolte av å vere den smalaste og breiaste festivalen vi har – i alle fall i Ørsta, helsa Audun Ellingsen publikum med.