Det starta for fire år sidan. Dei utflytta ørstingane Karen Rosenberg Olsen og Audun Ellingsen ville skape ein møteplass for fastbuande, ferierande og tilreisande i Ørsta. Dei sakna liv i sentrum, og baud på seg sjølv og musikken sin på Ørsta kunsthus. Sidan har det balla på seg.  I år varierer programmet frå opera, via indisk musikk, til jazz og tango.

- Det er ein brei festival der vi presenterer ulike sjangrar ved sida av kvarandre. Det er folk vi gjerne smarbeider med i løpet av året, og så spør vi om dei kan tenke seg å vere med. Då får vi vise dei Ørsta, og det er litt ekstra stas for oss, og så får Ørsta sjå og høyre dei, seier Karen, som sjølv syng klassisk opera.

Dei har også fått med seg fleire lokale og unge talent til å spele med saman med seg.

Urframføring

I år er dei også med i programmet til Naturfestivalen. Fredag kveld opnar dei med urframføring i Ørsta kyrkje, og laurdag held dei konsert på kunsthuset.

- Det vert to heilt ulike konsertar. I Ørsta kyrkje vert dei ei urframføring. Vi vil gi publikum ei heilt spesiell oppleving, seier Audun, som har utdanna seg innan jazz, og som lever av å reise rundt og spele kontrabass.

I Ørsta kyrkje fredag vert det ein jazz- og videokonsert. "Hav" er tema, og ulike videoar vert spelt mens musikarane improviserer til bileta.

På kunsthuset gir dei ein meir variert meny frå dei ulike musikksjangrane.

- Vi håper mange vil kome og høyre og sjå, seier dei to.

Det er billettsal i dørene, og også førehandssal av billettar på Ørsta kunsthus.