Opdahl fangar stemningar i landskapet på lerretet med sitt særeigne strøk. Motiva er i grenselandet mot eit abstrakt formspråk, der naturelement som vêr og vind trer like tydeleg fram som dei storslåtte fjella eller det barske kystlandskapet.

Opdahl har i alle år hatt eit tett utstillingsprogram i inn- og utland. Han har stått for utsmykkingar mellom anna for Stortinget, Telenor, Noregs Bank og Universitetsbiblioteket i Oslo. I dag er han representert i ei rekkje norske museum og samlingar, mellom andre Nasjonalmuseet for kunst, Bergen Kunstmuseum, Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst og Stenersenmuseet. I 2006 blei Opdahl også innkjøpt av British Museum.

Utstillinga står til 15. august.

Ny temautstilling

Korleis heng demokrati og språk saman? Finst det samfunn i verda der språkbarrierar står i vegen for eit godt demokrati? Og korleis er no eigentleg stoda i Noreg på dette punktet, før og i dag? Den nye temautstillinga set språk og makt under lupa.

«Demokratiets grunnlag er at menneske deltek. Skal ein delta, må ein forstå. Og for å forstå, må ein meistra språket.» Det sa dåverande kulturminister Hadia Tajik då ho opna Språkåret i Kristiansand i 2013. At grunnlovsjubileet kom året etterpå, var snedig, for då var det gunstig for språkmuseet Ivar Aasen-tunet å lage ei utstilling om språk og makt.

Språk er ein fundamental eigenskap hos mennesket for å kunne medverke og delta i samfunnet. Ja, kanskje den viktigaste evna vi har, og attåt dette følgjer eit stadig meir komplekst samfunn som set krav til gode lese- og skriveferdigheiter. Får alle høve til å delta i folkestyret når deltakinga set slike krav?

Ope kvar dag

Aasen-tunet har dyktige omvisarar og ope kvar dag i sommar. Butikken har stort utval og gode tilbod, og kafeen serverer enkle lunsjrettar, heimelaga kaker og økologisk, nynorsk is frå Isrosa. Frå Aasen-tunet går det ei ordløype til Høgetua, der tunkatten Lurivar har sitt eige utebibliotek med gode, nynorske barnebøker.