Åmås friskule skal 14. mai framføre skodespelet «Løyndomen på loftet» på Ungdomshuset i Åmdal. Susanne Finnøy er lærar ved skulen og tenkte at den nye grunnlovssongen, «Det går et festtog gjennom landet!», ville vere ei fin avslutning på skodespelet.

– «Løyndomen på loftet» handlar om historikken heilt tilbake til 1814. Vi framførte skodespelet for nokon år sidan, og tenkte at det passa bra å sette det opp på nytt med tanke på grunnlovsjubileet. To av lærarane lærte den nye grunnlovssongen på eit korkurs, og vi bestemte oss for å ha den som ei finale i skodespelet, seier Finnøy.

Dermed starta leitinga etter teksten på nynorsk. Ho fann den ikkje i heftet frå korkurset og heller ikkje på internett.

– Det er logisk at teksten skulle kome både på nynorsk og bokmål, men vi greidde ikkje å finne han på nynorsk.

Ivar Aasen-tunet vart kontakta, men dei viste heller ikkje noko.

– Vi fekk beskjed om at det berre ville vere flott om vi omsette teksta sjølv. Då sat eg meg ned og skreiv den om til nynorsk. Eg heldt meg så godt som råd til originalen, men det er to liner som måtte skrivast litt om, seier Finnøy.

«Det går et festtog gjennom landet!» er skriven av Grethe Myhre Skottene og kombinert av Carl-Andreas Næss. Songen vann Stortinget sin konkurranse om å skrive song til grunnlovsjubileet 2014. Skottene vart kontakta av Åmås friskule, og tekstforfattaren er veldig positiv til ei nynorsk utgåve av songen.

– Ho har teke dette vidare, og no ventar vi på at Stortinget offisielt godkjenner den nynorske utgåva. Vi voner at det skjer så snart som råd, seier Finnøy.

Åmås friskule har fått løyve til å bruke den nynorske utgåva av songen internt, men kan ikkje spreie teksta før Stortinget har offisielt godkjent den omsetje teksta.

– Eg tykkjer det er litt historielaust og rart at det ikkje var ei nynorsk utgåve av songen då han kom. Språk er viktig med tanke på identitet, og difor bør songen også vere tilgjengeleg på nynorsk.