I Språkåret 2013 endra truleg om lag 250.000 nordmenn meiningar om språk og språkpolitikk. Det blei gjennomført minst 3.320 arrangement med til saman 149.000 gjester. Språkåret hadde aktivitet i fem land, i alle dei norske fylka, i halvparten av alle kommunane og nesten kvar einaste dag gjennom året.

Språkåret verka

– Språkåret var kulturjubileet som verka, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

– Vi ville auke respekten for språkmangfaldet i Noreg og auke verdien av å leve i eit samfunn med meir enn eit offisielt språk. Vi ville setje ein ny standard for forfattarjubileum og gjere språkleg respekt og toleranse til ei sak for mange på tvers av språklege og kulturelle skilje. Språkåret dekte dei måla som var sette opp, seier Solholm.

– Det einaste større problemet har vore å utløyse like sterkt engasjement for bokmål som for nynorsk, urfolksspråk eller minoritetsspråk. Språkåret var eit politisk kulturjubileum som opna stengde dører mellom dei minoritetsspråklege miljøa og skapte ein ny språkpolitisk arena for desse gruppene, seier Solholm.

Måla nådde, innanfor budsjett

Berebjelken var sju basisarrangement på ulike stader i landet frå januar til desember. Så godt som kvar einaste dag gjennom heile 2013 var det eitt eller fleire språkårsarrangement, men aktiviteten var størst etter sommaren.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum framhevar at for første gong har eit kulturjubileum undersøkt om verksemda hadde noko å seie. Han meiner svaret er eintydig ja.

– Ei landsdekkjande meiningsmåling før og etter Språkåret syner at det var meir enn språkpolitiske meiningar som endra seg . Mange hadde eit positivt inntrykk av Ivar Aasen før Språkåret, og etterpå var det veldig mange fleire, seier Grepstad.

Heile rapporten om språkåret er publisert på Aasentunet.no.