Filmen handlar om å slost for det ein trur på utantanke på konsekvensane.

Presten Børre Knudsen er Noreg sin mest kjendeabortmotstandar, og ein av dei største opprørarane i nyare norsk historie.Sjølv om ytringsfridom er grunnlovsfesta og står sterkt i Noreg så kan den veredyrekjøpt for den som verkeleg nyttar retten. Børre Knudsen vart avsatt ved domog utstøytt av sine eigne. Dette gjekk hardt utover han sjølv og familien, sommåtte forlate hus og heim. I høve Grunnlovsjubileet ynskjer "En prest ogen plage" å vekke debatt om ytringsfridomen sine kår i Noreg.

I over eitt år har regissør Fridtjof Kjæreng fulgt ekteparetsom bur i ei hytte i Balsfjord i Troms. Børre Knudsen er tidvis sterkt plaga avParkinsons sjudom. Gjennom ekteparet sitt daglegliv og tankar vert vi førttilbake til fortida og deira kamp for dei kristne verdiane. Gjennom arkivfilmopplev vi Børre sin kamp for det ufødde liv samt framveksten av det moderneNoreg. Filmen fylgjer ekteparet sin kamp med å forsone seg med fortida og densmerta abortkampen har påført dei og borna.