Programmet vert ein halvtime med vakre operaarier.

– Motivasjonen bak desse konsertane er å kunne framføre opera og klassisk musikk i eit mindre høgtideleg format, og gjere det meir tilgjengeleg for folk. Det kostar ingenting for å publikum å kome inn, tanken er at ein kan kjøpe seg ein kopp kaffi og sete seg ned og nyte musikken. Men, det vert sendt rundt ein hatt, slik at publikum kan gi eit bidrag til musikarane, seier Karen Rosenberg Olsen.

Namnet på konsertkonseptet er "Puccini & Cappuccino". På konserten vert det minst to arier av den kjende operakomponisten Giaccomo Puccini, men publikum kan kjøpe akkurat den kaffien dei vil.

– Håpet er å besøke ei heil rekke cafear med dette konseptet, men startskotet går altso denne påska. Fyrst ein konsert på Mylnå i Volda, Skjærtorsdag og på Fru Svendsen i Ørsta, påskeaftan.

Karen og Marie, som har spelt saman i ei årrekkje, håper at mange vil ta turen til Fru Svendsen på påskeaftan.