På førehand hadde dei rekna ut at dei kunne ta i mot 200 gjester, og det var trongt i stolradene då konserten vart opna med marsjen "Farvel til en slavisk kvinne".

Korpset har i løpet av sine 70 år aldri vore større enn det var søndag, og dei var om lag 35 musikantar på scena. I tillegg spelte tre av æresmedlemene under nokre av nummera.

- Samfunnshuset har aldri vore så strigla sidan det vart sett opp i 1965, helsa konferansier Odd-Arild Langstøyl til dei mange frammøtte.

Dirigent Arild Andenes hausta også ros for innsatsen sin i hornmusikken. Langstøyl fortalde at han har snakka med fleire av musikantane, som seier at dirigenten har gitt korpset eit stort løft.

- Han får folk til å løfte seg. Han utfordrar grensene til folk og får dei til å verte betre. Det gjer at folk veks.

Og dirigenten sjølv var mektig stolt over innsatsen til Follestaddal hornmusikk.

- Eg tør påstå at eg av og til kjenner det som at eg er forelska i korpset mitt, fortel han glad.

Publikum let seg også begeistre. Alf Foldal er imponert.

- Det er noko anna enn den tida eg var med og spelte, seier han.

Alf Foldal og Anders Grønli Rebbestad er imponert over nivået på Follestaddal Hornmusikk. Alf var tidlegare musikant, og far til Anders, Einar rebbestad var i si tid med på å starte hornmusikken. Foto: Janne-Marit M. Falch
Ein svært nøgd dirigent, Arild Andenes. Foto: Janne-Marit M. Falch
Glittertind med Synne Marie Langstøyl Ulstein framførte songen Kvilelaus. Foto: Janne-Marit M. Falch