Politikarane i kultur og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune delte måndag ut fleire millionar til styrking av dei kreative næringane i fylket. Sunnmøre kulturnæringshage fekk åleine 1,455 millionar kroner.

Målet til fylkeskommunen er at fleire som driv med musikk, film, foto, design og andre kreative næringar i større grad skal kunne leve av eiga verksemd.

I haust lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut midlar til satsinga på kreative næringar. Kreative næringar er definert som bransjane musikk, film, foto og spel, tv og radio, arkitektur, design, trykte media, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarleg verksemd.

– Vi ønskjer at fleire som driv innafor dei kreative næringa skal leve av eiga verksemd, seier Carina Stokke. Stokke er prosjektleiar for fylkeskommunen si fireårige satsing på kreative næringar.

– Næringa har sjølv peika på behov for møteplassar og nettverk og meir kompetanse på sal og marknadsføring. Fleire har også sakna mogelegheiter for fagleg utvikling. Utlysinga var derfor spesielt retta inn for å møte desse behova, seier Stokke.

Dei som kan sprette champagnen er: Sunnmøre Kulturnæringshage (Volda), inntil kr 1.455.000; Undine AS (Kristiansund), inntil kr 780.000; Øygardshavna AS (Giske), inntil kr 540.000; Aura Næringshage (Sunndal), inntil kr 650.000; Teatret Vårt (Molde), inntil kr 1.015.000

Kreativfylke.no

Sunnmøre Kulturnæringshage får 1.455.000 kroner for sitt prosjekt kreativfylke.no. Kulturnæringshagen vart etablert i 2012, og har allereie god erfaring med å bygge nettverk og møteplassar for kreative verksemder på Søre Sunnmøre. No skal dei etablere fysiske og virtuelle møteplassar for kreative næringar i heile Møre og Romsdal, med knutepunkt i alle regionar.

– Søknaden frå Sunnmøre Kulturnæringshage er etter vår vurdering den beste av dei innkomne søknadene som gjeld nettverk og møteplassar. Vi kjenner oss trygge på at dei vil få til eit godt tilbod for heile fylket, fortel Stokke.