Det er fire år sidan førre plate. Den gongen var det dyr produksjon med strykarar og blåsarrekkje. No er dei tilbake som den opphavlege duoen: Runar Gudnason (Sjef R og Thorstein Hyl III) og Bård Aasen Lødemel (Skatebård), og dei har laga ei plate som er 100 prosent heimebrygga – i heimestudio i Hovdebygda og København. Også i tematikk er den nye plata ein tur heim til bygda.

Ikkje oppløyst

I motsetnad til det mange trur, har Side Brok aldri vore oppløyst og nedlagt, dei har berre lege lavt og kost seg i undergrunnen ei stund, og no stikk dei snuten opp igjen. Dei er spelekåte, og klar til å levere det folk treng aller mest: Legendariske konsertar – som alltid med fullt band.

Musikalsk er den nye plata like variert og merkeleg som dei tidlegare, og denne gongen får me både old school hiphop, dancehall, kveding og italotrance. Einaste fellesnemnaren er at det er typisk Side Brok.

Gjestevokalistar

Plata byd på tre (frivillige) gjestevokalistar: Sirkel Sag (gangstarappar frå Åmdal), Leif Digernes (legende frå Hovdebygda), og Harald Frøysa (skald frå heile Noreg). I tillegg er Ane Brun med, eigentleg ufrivillig, men det var heldigvis greitt for ho: På "Hår du ette?" er all musikken knabba frå "Do you remember" av Ane Brun. Side Brok har ikkje lagt til så mykje som ein hi-hat.

”H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.” er ute på alle digitale musikktenester den 14. oktober, og kjem som LP i løpet av nokre veker (tittellåten finst allereie som 7”).