Så langt har jubileumsåret vore travelt for Ervingen blandakor. Koret har hatt mange konsertar, og i påska var dei på reise til Barcelona.

– Der hadde vi mange fantastiske opplevingar, og vi fekk m.a. opptre i Montserrat kloster, og der er det ikkje så vanleg å få lov til å sleppe til, seier leiar Svein Digernes i Ervingen blandakor.

Har med Gudnasson og Engeset

Etter ein aktiv vinter og vår set koret opp ein jubileumskonsert for å markere dei ti åra som koret har eksistert.

– Det vert eit attersyn på repertoaret vi har hatt desse ti åra, og vi har med oss gjesteartistar. 28. september går vi på scena på Ervingen, og vi kjem til å halde to konsertar denne dagen, seier Digernes og Børre Lødemel.

Blandakoret har sterk tilknyting til Hovdebygda, og ville også ha med seg gjesteartistar som er frå Hovdebygda.

– Runar Gudnasson vil vere med, og då kan litt av kvart skje. Dirigenten vår, Øyvind Lied, har laga eit spesial arrangement til koret og vi skal kompe Runar til songen H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A. I tillegg har vi med oss Ragnhild Engeset, som er hovdebygding, men som ikkje bur her lengre. Ho er både songar og fløytist, og skal opptre aleine og saman med koret. Jubileumskonserten vert ein potpurri frå koret sin oppstart og fram til dagens repertoar.

– Primært har det vore mykje Ivar Aasen, men vi og vore innom Beatles. Vi har også arrangement på forskjellige verkeleg krevjande songar. Dette er det spennande å øve på, og det er ikkje berre tradisjonelle blandakor-songar, seier Digernes.

– Vi har kome langt på desse åra

I fjor gav også blandakoret ut cden «Ei songvise», og tilbakemeldingane frå publikum har vore gode. No er koret i hard øving fram mot konserten, og dirigent Lied, som har vore med sidan oppstarten, seier at det er mykje som skal på plass.

– Koret brukar å vere godt budde, og når det verkeleg gjeld er ting på plass.

Gjennom ti år har det vore litt utskiftingar i koret, men dei fem siste åra har det vore ein fast gjeng.

– Då vi starta var det eit fåtal som hadde sunge i kor før. Etter nokre år har koret sett seg, og det fungerer godt både sosialt og musikalsk. Eg vil påstå at vi har kome langt på desse åra. Sjølv har eg fått herje fritt, og det har vore spennande. Ordtaket «Du kan lage gull ut av gråstein» gjeld i dette tilfellet, og det har vore ti spennande år.

– Treng mannsstemmer

Dirigenten har fått koret til å kaste vekk notane, og brukar koret som eit instrument. Dette krev mykje av koristane, men ifølgje Lied går det stort sett bra.

– Det som gler oss mest er dei gode tilbakemeldingane. Når folk reiser seg i ei gudsteneste, så er det spesielt. Det seier mykje, seier Lied.

I dag er det 32 medlemmer i Ervingen blandakor. Gjennom dei ti siste åra har koret også vorte internasjonalt, med afrikanske koristar. Dirigenten skulle likevel sett at han fekk på plass fleire mannsstemmer.

– Vi treng fleire mannsstemmer. Dei kvinnene som står i kø for å vere med i koret må skaffe eit par mannsstemmer for å vere med, og vi er på jakt etter personar som har litt erfaring frå kor, seier Lied.

– Viser fram ti år med hard jobbing

Gjennom åra har Ervingen blandakor også vore med på fleire korstemner.

– Vi gjer det alltid bra på korstemner. Det er utruleg inspirerande å synge i lag med andre kor, og høyre kvar du sjølv er hen. No skal vi vise fram ti år med hard jobbing for dei lokale publikumet, og Runar og Ragnhild vil sette glas på konserten. Vi ser fram til dette, seier Lied.

Før det vert jubileumskonsert siste helga i september skal koret promotere seg sjølv.

– Kommande laurdag skal vi opptre på Spinneriet i Volda i samband med eitt års markeringa for Kvivsvegen. Etter dette går turen til Amfi i Ørsta.