Heile vinteren stod radioen fastlåst på Fiskeribylgja. Bortsett frå når hallomannen i NRK sette over til Bislett. Då samla familien seg rundt trollauget og ho mor greip fastare om staven. Kva skapte denne enorme skøyteinteressa, som var minst like stor på Den norske regnkysten som på det issikre Austlandet? Eldar Høidal gjev fleire svar i boka si om norsk skøytehistorie. I «To indre og vekk me’n» postulerer idrettshistorikaren frå Sykkylven m.a. at skøytesporten er spesielt godt eigna for radiooverføring.

«Skøyter egnet seg mer enn noen annen idrett for formidling gjennom radioen. Reporteren manet med sine opplysninger om rundetider og avstander mellom løperne, om indresvinger og forseringer på oppløpssidene, om feilskjær og ivrige sekundanter, fram bilder hos lytterne som nesten ble mer levende enn om de skulle ha vært til stede på arenaen selv», skriv Høidal i boka.

Skøytesporten samla store tilskodarmassar allereie på slutten av 1800-talet. Over tjue tusen opplevde Axel Paulsen sine løp på sjøisen i Frognerkilen. Oscar Mathisen fylte Frogner stadion to-tre tiår etterpå. Men det var først med radioen at skøytesporten vart nasjonalidrett. Og fleire faktorar drog i same retning, trur Høidal.

Eitt var at nordmenn kjende skøytesporten frå sin eigen leik. Eit anna var det faktum at dei norske heltane først og fremst var milslukjarar. Det hadde ein særleg appell, trur Høidal: «Det var nok også her nøkkelen til den store publikumsfascinasjonen lå: Muligheten som lå der for den underlegne til å komme tilbake i siste akt og vinne den gjeveste medaljen og, om ikke kongeriket, så i alle fall Kongens håndtrykk».

Fred Anton Maier

Den siste som gjorde det på den måten, var Fred Anton Maier. Etter han kom Dag Fornæss og var like god på alle distansar. Men Maier var milslukjar. Og tenk førti år attende og på idrettsnamn som Ellefsæter og Kvalheim og Solberg. Topp utøvarar nasjonalt og internasjonalt. Men det er ikkje magi knytt til desse namna. Ikkje slik som til namnet Fred Anton Maier.  Og viss skøytehistoria til Eldar Høidal har ein hovudperson – ein helt – ja, så er det nettopp Maier.

Sven Låftmann. Sånn. Då er også skurken nemnd.

Høidal er i den heldige situasjonen at svært mange av aktørane i historieboka hans framleis er i live. Høidal har snakka med nesten alle og siterer i tillegg frå sjølvbiografiar og samtidige kjelder.

Det ser ut som han har kosa seg i lag med Maier. Stilløparen frå Tønsberg fortel levande og reflektert om livet som den siste av dei store langdistanseheltane. Høidal fylgjer han gjennom nedturar og oppturar, til han står på toppen av sigerspallen i den fantastiske 1968-sesongen. Då tok han gull og sette verdsrekordar på bestilling. Og knuste den fortærande Johnny Høglin med nesten halvminuttet på mila i VM på Nya Ullevi.

Langdistansane

Det gjorde godt for nasjonen, for ifylgje suksesstrenar Hans Trygve Kristiansen er titusenmeteren med og definerer oss som folk og nasjon. «Vi er en nasjon av utholdenhetsløpere. Nordmenn er genetisk best utrustet for de lange distansene», siterer Høidal i «To indre og vekk me’n».

No ja, knapt tre hundre sider med skøytehistorie er meir som ein mellomdistanse å rekne. Og Eldar Høidal meistrar den også: I landsmeisterskapen på Lillestrøm i 1972 kapra skøytehistorikaren gullet både på 500 og 1500 m i 15-årsklassa. Så han veit av erfaring kva den vanskeleg tredjerunden handlar om.

Så er det i tillegg ein fordel at Høidal er faghistorikar. Dermed evnar han å setje idretten generelt og skøytesporten spesielt inn i ein sosial og kulturell samanheng. Det gjer forteljinga hans meir interessant enn dei mange portrett- og erindringsbøkene som skøytesporten elles er velsigna med.

Ei skøytebok må uansett by på sluttider, rekordar og plasseringar. For slik er sporten. Men Høidal, som elles er trufast leverandør til Møre-Nytt sitt julenummer, sparer oss for tilvisingar og fotnotar. Slik har det vorte ei bok for skøytevenner og ikkje for historiestudentar. Og blant namn og tal plasserer forfattaren menneska og anekdotane. Han gjenskaper øyeblikka og spenninga og gjev oss festlege portrett av aktørane: «Henry Wahl var elegant og høflig og kledde godt arbeidet sitt som ekspeditør i en herreekvipering» ...

Eit møte

Og innimellom alt dette eit møte som fører tankane til Clint Eastwood-filmen «Invictus», om Nelson Mandela som inspirerer kapteinen på det sør-afrikanske rugbylandslaget, Francois Pienaar, til å føre laget heilt til topps i VM på heimebane.

Vårt møte skjer i 1962. Den pur unge lillehamringen Per Ivar Moe deltek i førjulsstemne på heimebane. Han vinn 1500 m og er på høgde med Kuppern samanlagt. Ein av publikummarane har kome heilt frå Oslo. Etter løpet ber han om å få møte attenåringen.

Moe har fortalt om møtet: «I det jeg går inn i ringen, for å åpne det som siden blir tre eventyrlige år, så står Einar Gerhardsen der i 20 minusgrader en lørdag kveld i Bjørnstjerne Bjørnsons gate på Lillehammer, midt i mitt barndomsrike ved kirken og sportsplassen. Einar Gerhardsen hadde teft for hva som rørte seg i folket».

Vel to år etterpå tek Per Ivar Moe ein «Per Ivar Moe» i par med Rudi Liebrechts og vert vår  første verdsmeister på Bislett.

Kravstort publikum

Men ikkje vår siste. Det var Rolf Falk-Larssen. Han vart verdsmeister i 1983 og denne meldaren stod på Store Stå og heia Falken gjennom tre distansar. Og har ikkje angra eit sekund på at han bua på den fjerde. For då var Falk-Larssen allereie meister med tre distansesigrar og som Høidal forklarar: «Det var ikke nødvendig for Rolf Falk-Larssen å gjennomgå store smerter for å bli mester denne dagen».

Det samsvara ikkje med dei verdiane Store Stå delte med Hjallis og Kuppern.

Og i Eldar Høidal si bok kjem det fram at Falk-Larssen vurderte å bryte samløpet med Tomas Gustafson: «Den siste runden tenkte han alvorlig på å hevne seg overfor det kravstore hjemmepublikummet ved å snyte dem for mesterskapet. Han tenkte å stoppe på siste langside og ikke gå over målstreken».

Men det gjorde han og historia viser at Store Stå hadde rett: Etter dette vart reglane endra. Frå og med sesongen 1987 var det ikkje lenger nok å vinne tre distansar. Frå då er det løparen med lågast poengsum som vert meister.

Feilskjer

Akkurat no synest norsk skøytesport å vere på veg opp frå ein bylgjedal. Eldar Høidal si bok viser at det har svinga gjennom meir enn hundre år. Høidal fortel om toppar og bølgjedalar, men nesten heile tida handlar det om edel kappestrid. Det vert færre glimt inn i toppidrettens mørkare krokar. Som også finst, har Lasse Efskind vist oss.

Men Høidal går forholdsvis utfyllande inn på splittinga i idretten under krigen og viser fram feilskjera. Inkludert Hans Engnestangen som trassa idrettsstreiken og Finn Hodt som gjorde tysk teneste på Austfronten. Dei vart i same følgd dømde til to og fire års tvangsarbeid for landssvik.

Men Finn Hodt gjorde comeback etter soning og var aktiv til langt ut på femtitalet. Ein annan bokaktuell forfattar, bygdebokredaktør Gunnar Ellingsen, hugsar enno kor indignert far hans var over at Finn Hodt fekk lov til å konkurrere igjen.

Men seinast i 1994 var Hodt i trenarteamet til Johann Olav Koss då han tok sine tre gull på Lillehammer.

DDR-dominans

På 1980-talet gjorde løparar frå Aust-Tyskland reint bord i kvinneklassa. I ettertid er det langt på veg prova at også skøyteløparane vart dopa der i garden. Mange forstod det, berre nokre få våga å snakke om det.

I samtida vart framgangen til DDR-løparane forklart med at dei var heiltids idrettsutøvarar og dermed hadde større mulegheit til trening og restitusjon enn sine vestlege konkurrentar.

Men småjenta som måtte jagast heim frå Frambanen i Larvik når dei sløkte lyset om kvelden og sidan tok olympisk gull, miste mykje av motivasjonen i møtet med DDR-løparane. Bjørg Eva Jensen trappa ned etter sesongen i 1984 og begynte å studere i staden.

Vi kan elles ikkje nemne kvinneklassa utan å trekkje fram fenomenale Edel Therese Høiseth, som deltok i fem OL, men som først vart ein stabil toppløpar med den nederlandske trenaren Ingrid Paul. Men Paul forsvann på hovudet ut av norsk skøytesport og slike konfliktar kunne Høidal gjerne fortalt meir om.

Kva vart til dømes sagt på bakromma etter at sportssjef Finn Aamodt og trenar Peter Mueller lova å tapetsere pallen i Torino-OL? Og Noreg vart utan ein einaste medalje?

Høidal går ikkje inn på det. Til slutt har han også stroke ut Peter Mueller sin illgjetne replikk til Maren Haugli.

Kåringar

Eldar Høidal si bok ber undertittelen «Norsk skøytesports historie».  Då er det greitt at utanlandske løparar vert mindre fokuserte. Men Eric Heiden er ikkje til å kome forbi. Han var den første heiltids skøyteløparen på herresida og viste vegen framover. I år 2000 vart Heiden kåra til den beste skøyteløparen gjennom alle tider.

Eldar Høidal er ikkje snau i si eiga kåring når han utropar junioren Sverre Lunde Pedersen til «trolig (-) Norges mest lovende skøyteløper, gjennom tidene».

Høidal pressar rundetida ytterlegare ned med replikken: «Vi er en nasjon som deler ut fredspriser hvert år, men ingen fred smaker bedre enn den som senker seg over skøytebanen etter en norsk seier!»

Med den påstanden går han i mål, etter eit solid løp. Høidal leverer ei historiebok som for skøytenostalgikarane – og dei er mange av – er eit funn og ei bortimot udelt glede. Forfattaren er velsigna med eit lett og verbalt språk og dokumenterer at bokmål kan brukast til alt. Det er litt synd at lagkameraten Cappelen Damm ikkje legg ned like stor innsats som forfattaren. Forlaget burde  ha spandert ein eigen biletredaktør på boka. Og ein friskare bladbunad. Konklusjon: Laurbærkrans til forfattaren. Den sure fjerdeplassen til forlaget.

Ei nyvinning er at boka er utstyrt med såkalla qr-kodar i margen. Via smarttelefon gjev  kodane tilgang til filmsnuttar som illustrerer Høidal sin tekst.

Eldar Høidal:

«To indre og vekk me’n.

Norske skøytesports historie»

Cappelen Damm, kr. 429,-

Den siste store av S-ane, Amund Sjøbrend, pregar framsida av skøytehistoria til Eldar Høidal.