Tajik var på Sunnmøre i samband med Ivar Aasen sin 200 års dag.

– Sidan eg først var her spurte eg Fredric om det var noko spesielt eg burde sjå, fortel Tajik, og siktar til Møre og Romsdal Ap sin andrekandidat til Stortinget, Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta.

Stolt

Bjørdal trengde ikkje lang tenketid.

– Samarbeidet mellom Høgskulen og kulturnæringshagen er gull verdt. Eg var ikkje i tvil om at kulturministeren burde få sjå dette med eigen auge. Eg er umåteleg stolt over kva dei har fått til, seier Bjørdal.

Etter ei omvising på Høgskulen tok ministeren turen til kulturnæringshagen i Storgata i Volda. Her informerte leiar Martin Foldal om kulturnæringane sine utfordringar i distrikta og løysingar dei ser føre seg.

Ei utfordring har vore å få studentane til å verte verande i regionen etter enda utdanning.

– Dei fleste avsluttar studia og reiser til Oslo for å starte bedrift. Dette vil vi snu. Vi må halde på talenta.

Næringshagen har i dag 28 målbedrifter på søre, der seks av dei har kontor i næringshagen. Det meste av arbeidet går føre seg digitalt, og då er ikkje plasseringa lenger det viktigaste. Fire av bedriftene i kulturnæringshagen er animasjonsbedrifter, der den eine, Raindog studios, består av nesten heile avgangskullet på animasjon i 2010, pluss ein lærar.

– Vi kan låne ut utstyr, og kan fungere som ei fødselshjelp til nye bedrifter, informerte Sverre Listøl, leiar ved avdeling for mediefag ved høgskulen.

Dette gir mindre risiko for dei som skal etablere seg.

– Og så kan dei kjøpe eige utstyr når dei er store nok.

Imponert

Kulturministeren fekk mykje informasjon på lite tid, mellom anna om Hoppid.no, planar for Volda kunnskapspark for kultur- og mediefag, kunstsenteret Seanse og mykje meir, og ho var imponert over det ho høyrde.

– Eg har fått bekrefta det eg før berre har fått fortalt og har lese i dokumenta eg har fått på skrivebordet mitt. Høgskulen i Volda har solid kunnskap i botnen. Og særleg det gode animasjonsmiljøet er unikt, og den gode koplinga mellom høgskulen og næringshagen som gir etableringshjelp til nye bedrifter er også heilt spesielt, sa Tajik.

Glade for besøket

Høgskulerektor Per Halse er nøgd etter besøket.

– Det var eit kort besøk, men eit kort besøk er betre enn intet besøk.

Halse trekk også fram samarbeidet mellom høgskulen og næringshagen som essensielt for mange nyetablerarar.

– Dette gir arbeidsplassar i fag der faste jobbar er sjeldne. Ikkje alle med kunstfagleg kompetanse har kunnskap om å starte eige firma. Vi har miljøet og rettleiinga til dei som treng det. Det er viktig distriktspolitikk.

Hadia Tajik er samd.

– Fagkompetansen som er her er vanskeleg å finne andre stader. Det er fint å ha fått besøke Volda og fått stadfesta det gode omdømet og dei sterke tradisjonane i mediefag eg hadde høyrt om på førehand.